Sogndal Fotball

Fair Play Foreldrevettreglar

Fair Play Foreldrevettreglar

 

1. Støtt opp om arbeidet til klubben. Verdisynet i klubben vert forrankra gjennom foreldremøte.

2. Møt til kampar og til treningar. Du er viktig for spelarane og miljøet.

3. Gi oppmuntring til spelarane i med- og motgang. Det gir tryggleik, trivsel og motivasjon til å bli verande lenge i fotballfamilien.

4. Me har alle ansvar for kampmiljøet. Gi ros til begge lag for gode prestasjonar og Fair Play.

5. Respekter at trenaren leiar kampen. Konstruktiv dialog om gjennomføring kan du ta opp med

trenar og klubb i etterkant.

6. Respekter avgjerdene til dommaren, sjølv om du av og til er ueinig.

7. Det er ditt barn som spelar fotball. Ver positiv og støttande, då er du ein god medspelar! 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift