Sogndal Fotball

Fair Play Kampvert

Fair Play Kampvert

På alle heimekampane til alle lag under Sogndal breiddefotball skal det vere kampvertar med eigne vestar. Desse vestane skal vere merkte med Fair Play-logo. Alle lag skal ha ein slik vest i lagkassen. Vestane skal og vere tilgjengelege i klubbrommet. Dersom laget er i mangel av kampvertvest, ta kontakt med Fair Play kontakten.

Som kampvert skal ein:

- Gå med kampvertvest

- Vere til stades og synleg under heile kamparrangemanget.

- Ha ansvar for å ta i mot dommarar og bortelag på ein skikkelig måte.

- Leggje til rette for at ramma rundt kampen vert prega av mest mogeleg ”fair play”.

- Ta ei runde rundt bana før kampen, ynskje alle velkomen!

- Sjå til at Fair Play helsing vert gjennomført før og etter kamp.

- Ha dialog med dommar før og etter kamp. Spesielt om dommaren er ung og urutinert.

- Vise til foreldrevettreglene om det ikkje er positiv stemning rundt kampen.

- Avslutte kampen med å ønskje besøkande lag velkomne tilbake

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift