Sogndal Fotball

Materialforvaltning og trenarklede

Materialforvaltning og trenarklede

Alle lag i Breddefotballen får utdelt ein lagskasse i Sognahallen til å oppbevare material i.

Denne skal til ei kvar tid vera låst, den skal ikkje stå open under treninga.

Hent utstyret, lås kassen. Legg på plass utstyret, lås kassen.

Ved all komminikasjon med materialforvaltar: Oppgi kva laget heiter, kontaktperson og nummer på kassen.

Laga får utdelt fotballar, kjegler og vestar. Merk fotballar med kjønn og årskull, for eksempel G 2007. Noter antall på utstyret og sjekk etter treninga at alt utstyret er samla inn.

Ver rask å samle inn kjegler, slik at neste lag kan rigge til sine baner.

Spelarane kan gjerne ha oppgåver med å samle inn utstyr etter treninga og ta godt vare på utstyret laget får utdelt.

Kvart lag får utdelt ein bag med kampdrakter som skal brukast på turneringar og seriekampar.

Det er viktig at ein person på laget har eit overordna ansvar for håndtering av kampdrakter. På miniputturneringar får spelararne utdelt drakter på kampdag og leverer dei tilbake etter siste kamp. Spelararne skal aldri ha med seg kampdraktene heim. Etter turneringa skal draktene vaskast. Vask på max 40 grader. Sportstøy skal ikkje vaskast med tøymykner.

Ber om at alle bidreg til at materialrommet i Sognahallen er ryddig til ei kvar tid.

Dersom du har spørsmål opp mot trenarbekledning eller om du ynskjer å få utdelg trenarklede så tek du kontakt med Trenarkledekontakt. Sjå også utfyllande informasjon om trenarbekledning i Sportsplanen til Sogndal Fotball.

Materialforvaltar: Morten Lægreid

E-post: ml@sogndalfotball.no

Mobil: 93083577

Trenarkledekontakt: Tom Rune Kongelf

E-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

Mobil: 99017802

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift