Sogndal Fotball

Politiattest

Politiattest

Alle trenarar og lagleiarar i Sogndal Fotball må framvise politiattest.

Krav om politiattest i Sogndal Fotball

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordningen trådde i kraft 1. januar 2009.

I Sogndal Fotball blir ordninga handtert på følgjande måte:

Alle ansatte og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal framskaffe politiattest.

Dette blir gjort i samråd med:

 

Andrea Strand Solbakken

epost: andrea_solbakken@hotmail.com

telefon: 99446382

eller

Frank Heggestad

epost: frank.heggestad@live.no

telefon: 99632587

Representantane har taushetsplikt overfor uvedkommende i forhold til dei opplysninger dei får kjennskap til.

Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidligere ilagt forelegg/dømt for brot på bestemmelser i straffelova om seksualforbrytelsar overfor barn. Idrettslaget har ikkje anledning til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

Rutinar for innhenting av politiattest:

1: Ein kan no søke elektronisk. https://www.politi.no/tjenester/politiattest/hvor_skal_soknad_om_politiattest_sendes/Tema_1311.xhtml

Ein treng ein bekreftelse på formål. Ein tek då kontakt med  Andrea Strand Solbakken eller Frank Heggestad som fyller ut det aktuelle skjema for bekreftelse. Ein må oppgi fullt namn og personnummer. Dette kan ordnast via epost. Ein får då eit ferdig utfylt og signert bekreftelse på formål i retur som eit vedlegg.

2: Ein loggar seg på og benyttar MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Ein lastar så opp bekreftelse på formålet i prosessen-

http://www.politi.no/tjenester/politiattest/

3:Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den sendast ikkje til idrettslaget. (Behandlingstid hjå politiet kan vera nokre veker)

4: Søkjaren skal så framvisa sin politiattest til Andrea Strand Solbakken eller Frank Heggestad. Sogndal Fotball skal ikke lagre attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn. Framvisinga skjer enten ved personleg oppmøte eller så skanner man politiattesten og sender politiattesten til Andrea Strand Solbakken eller Frank Heggestad som vedlegg i ein epost eller som MMS bilete. Ein slik epost/mms blir sletta etter at den er registert i Sogndal Fotball sin database.

Personer som ikkje har framvist politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgaver som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Sjå elles nettsida: www.idrett.no/politiattest

Med venleg helsing
Breiddestyret i Sogndal Fotball

breiddestyret@sogndalfotball.no

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift