Sogndal Fotball

Akademiet

Akademiet

Akademiet for spelarar født 2007 til 2010

Sogndal Fotball ynskjer at akademiet skal gje eit utvida tilbod til dei som har ein stor interesse for fotball og som ynskjer å trene meir. Treningane held fokus på utvikling av individuelle tekniske og taktiske ferdigheitar, og skil seg slik sett frå lags aktivitet som kanskje har meir fokus på utvikling av lag.  Det er viktig å påpeke at Akademiet er eit supplement til ordinære fotballtreningar, og at eige lag er ein veldig viktig utviklingsarena. Det er heller ikkje meininga at akademiet skal skyve vekk andre aktivitetar ungane er opptekne av. Difor er våre treningstider lagt til tider det er få konkurrerande aktivitetar. Med god hjelp frå seniorgruppa har akademiet også fått et meir heilheitleg tilbod, med leksetid og eit varmt måltid måndag og onsdag.

MÅL:
1. Vere ein god arena for spelarutvikling

2. Me skal skape dei gode fotballopplevelsane

3. Motivere og stimulere til meir eigentrening og eigenaktivitet

4. Være ein utviklingsarena for fotballtrenarar

5. Utdanne folk med sunne og folkelege verdiar

 

Trenarar:

Trenerane består i hovudsak av nåverande og tidligare studentar på idrett ved HISF, i kombinasjon med andre fotballfolk. Alle trenarane på akademiet skal ha C-lisens eller være i gang med utdanninga. Alle gruppeansvarlige skal ha UEFA B-lisens.

 

Miniakademiet for spelarar født 2011 til 2013

Miniakademiet er eit aktivitetstilbod der trygghet og trivsel står i sentrum. Av erfaring er mykje øvingar i denne alderen lite hensiktsmessig. Dei tek verbal instruksjon dårleg og blir fort ukonsentrerte. Dei har stor aktivitetstrong og trivst best når dei får læring gjennom sjølve spelet. Derfor blir opplegget for desse kulla i hovudsak bestå av småbanespel dvs. 3v3 og 4v4. Men for variere aktiviteten, vil vi leggja enkelte enkle øvingar med ball, som skal gi barna meir motivasjon og utvikling.

Organisering:

På miniakademiet har me fokus på følgjande:

  • Spel 3 mot 3
  • Alle involvert
  • Enkle balløvingar
  • Mykje ballberøringar
  • Fair Play

Det vil alltid vera ein hovudinstruktør frå Sogndal Fotball som organiserer aktivteten, han har også med seg trenarar som skal bidra under smålagspel og øvingar med ball. Foreldre tek oppstilling rundt banene og hjelper til med å holda ballen innafor området og oppmuntra barna.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift