Ørjan Hopen Utviklingspris 2015

Det er tid for å melde inn kandidatar til Ørjan Hopen Utviklingspris. Denne skal gå til ei jente eller gut i alder 14-18 år.

Ørjan Hopen fekk Statoil talentpris april 2012. Ørjan har gitt pengane til den klubben som har betydd mest for hans utvikling, Sogndal Fotball aldersbestemt. Talentprisen var på kr 50.000,-

Prisen vert delt ut etter følgjande kriterium:

Spelar frå Sogndal Fotball som har utvikla seg i breiddefotballen over tid. Alder 14-18 år. Spelaren må visa gode haldningar til idretten, positiv framferd og vera ein god representant for fair play. Spelaren må visa treningsiver og utmerka seg i sportsleg dugleik.

Hovudtrenarar på alle laga i dei aktuelle alderstrinna, sportsleg leiar og utviklingsavdelinga i Sogndal Fotball nominerer kandidatar til Breiddestyret. Frist i år er satt til 27.september.

Sogndal Fotball Breiddestyret bestemmer, utifrå innkomne innspel, kven som skal få prisen. Utdeling av Ørjan Hopen Utviklingspris skal skje kvart år i samband med sesongens siste heimekamp til Sogndal Fotball. Det deles ut ein sjekk og ein diplom til vinnaren av Ørjan Hopen Utviklingspris.

 

Epost: af-styret@sogndalfotball.no  eller breiddestyret@sogndalfotball.no

 

Tidlegare vinnararar av Ørjan Hopen Utviklingspris:

2013: Jannike Orrestad Andersen

2014: Thea Bjelde