Sogndal Fotball

Fotballforsikring

Fotballforsikring

Fotballforsikring

Alle spelarar i Sogndal Fotball er i utgangspunktet forsikra gjennom NFF si forsikringsordning. Ein har då den obligatoriske grunnforsikringa. Spelarar som er fylte 12 år og oppover skal vere registrerte i FIKS. Alle spelarar må vere registrerte i klubbens medlemsregister, samt at treningsavgift må vere betalt.

Dersom ein ynskjer ei utvida forskringsdekning, så kan ein sjølv teikna det på nettsida https://partner.agsforsikring.no/nff-bestill/

Skulle det oppstå ein skade i samband med fotballtrening eller kamp er det viktig at foreldre/føresette registrerer skaden på elektronisk skademeldingsskjema som ligg på nettsida; http://www.fotballforsikring.no/. Her finn ein og meir informasjon om forsikringsordninga. Det er viktig at trenarar/lagleiarar er med på å opplyse om dette til foreldregruppa. Alle får

Ein kan ringje Idrettens Skadetelefon (02033) for blant anna å få eit kvalitetssikra og godt behandlingstilbod i nærmiljøet som dekkast av fotballforsikringa. Idrettens skadetelefon er open alle dagar mellom 09:00-21:00. http://www.idrettshelse.no/skadetelefon

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift