Referat trenar- og lagleiarforum 20.09

Hei!

Denne e-posten går ut til alle tilsette, trenarar og lagleiarar i Sogndal Fotball og er eit referat frå trenar- og lagleiarforumet klubben heldt 19. september.

Sjå vedlagt for full presentasjon frå samlinga.

Breiddeutvalet:

  • Breiddeutvalet består av Kristian (breiddekoordinator), Andrea (styret) og Einar (styret).
  • Sogndal Fotball avvikla breiddestyret for å kunne behandle saker raskare. Saker kjem direkte til styret og kan behandlast raskt.
  • Breiddeutvalet har fokusert på desse sakene ila. sesongen.
  • Rekruttering av oppstartskullet 2017.
  • At ungdomslaga får spele 1 kamp på Fosshaugane campus og at dette skal bli så likt som mogleg på tvers av kull og kjønn.
  • Lik treningskontigent for eit likt tilbod i kulla.
  • Informasjon frå klubb ved oppstart J/G 6 og første år i ungdomsfotballen J/G 13-14.
  • Utstyrsbod på Kvåle, lettballar til dei yngste, 5-ar mål og nytt dekke i hallen.

Kvalitetsklubbsamling i Florø:

  • Ti klubbar representert. Einar og Kristian deltok frå Sogndal Fotball.
  • NFF Sogn og Fjordane best i landet på jentesida.
  • Grønt arrangement vart starta opp i Sogn og Fjordane og vert no ei nasjonal satsing. Kretsen er stolt av dette arbeidet og ønskjer at klubbane skal prøve det ut. Les meir: https://grontarrangement.no
  • NFF Sogn og Fjordane treng eit dommarløft og oppmodar klubbar til å prioritere dette som ei satsing framover.
  • Få dommarar.
  • Høg snittalder.
  • Fleire føler seg utrygge.
  • Dugnad og frivilligheit er utfordra i heile landet. Må jobbe med å løfte fram frivilligheita og skryte av dei som gjer ein innsats!
  • I forkant av samlinga gjorde breiddeutvalet ei totalvurdering av klubben opp mot kriteria i Kvalitetsklubb.
  • Veldig mykje er bra!
  • Fekk danna ei totaloversikt over klubbdrifta og diskuterte kva som bør prioriterast framover
  • Når alle klubbar fekk leggje fram ei gladsak frå eigen klubb - trakk Sogndal Fotball fram rekrutteringsprosessen for 2017, der ein føler ein fekk ut informasjonen til mange og laga ei fin helg for spelarar og føresette.
  • Innspel frå salen om at denne oppfatninga ikkje var delt med alle og at klubb kunne vore tydlegare og tidlegare ute. Ein har denne sesongen fått etablert eit samarbeid med barnehagane som forhåpentlegvis betrar dette kommande sesong.

Dugnad:

  • Sogndal fotball minnar om verdien av kamparrangement. Har fått ein del klagar frå både krets og besøkande lag som går på mottakelse og kamparrangement. Sogndal bør vera den kjekkaste plassen å komme til!
  • Innspel frå salen om at frukt er ein forstyrrande faktor for yngre spelarar og ei ekstra utgift for dei rundt laget. Diskuterte dette og landa på at ein kan droppe frukt til yngre lag, men at ein bør prøve å tilby dette til eldre lag og dei som reiser langt.
  • Ein god velkomst og mottakelse av dommar(ar) og bortelag er ekstremt viktig!
  • Fair Play-vert og kioskansvarleg kan kombinerast, men lagleiar/trenar må informere om arbeidsoppgåver som går på Fair Play og skjerming av dommar. Kiosken bør dermed ikkje vera plassert langt frå bana, slik at ein fangar opp situasjonar.
  • Klubb skal gjere instruksen som Fair Play-vert meir synleg på nettsidene.
  • Klubb tek gjerne i mot innspel på:
  • Korleis kan me jobbe fram dugnadsånd og frivillighet. Kjent fenomen: «dei same stiller kvar gong...»
  • Korleis kan me verne om lagleiarane våre betre?

Revidert Sportsplan:

  • Godkjent av styret.
  • Godkjent av NFF Sogn og Fjordane med gode tilbakemeldingar.
  • Trer i kraft når den vert publisert på nettsidene mandag 25.09.
  • Sportsplanen står til prøve ut sesongen, der trenarar/lagleiarar kan komme med innspel til endringar. Målet er at sportsplanen skal optimaliserast inn mot neste sesong.
  • Endringar verdt å merke seg:
  • Lerum cup og Norway cup skal prioriterast. Det skal ikkje forekomme topping av lag og dersom ein kan vise til at ein har delteke på ein eller begge med jamnstilte lag, vert det opna opp for at lag i ungdomsfotballen kan få reise på eliteturnering med differensiert laguttak.
  • Speletid er definert i ny sportsplan
  • Barnefotballen: tilnærma lik speltid på alle.
  • Ungdomsfotballen: minimum 30 minutt speltid på alle.
  • Trenarane brukar skjønn dersom spelarar er skada eller ikkje ønskjer å spele så mykje.

Idrettsskadeprosjekt (Hans Martin Bjørkevoll):

  • Prosjekt som går parallelt med det større Campusprosjektet, er dette eit delprosjekt med fokus på skadeforebygging i ungdomsfotballen.
  • Har søkt om midlar som skal kunne nyttast.
  • Vert sett i kontakt med målgruppa 12-14 år.

Aktivitetsguiden (Hedda Romberg):

Samlingar verdt å merke seg:

Anna:

  • Keeperløft i klubb vart diskutert og er noko breiddeutvalet vil diskutere ved neste høve.
  • Lag spelar inn til Kristian om dei treng fleire Fair Play-vestar, slik at me får på plass denne rollen på alle lag.

Til slutt vil underteikna takke alle som møtte til forumet! Utan dykk ville ein ikkje fått desse gode diskusjonane for vegen vidare. For at me skal få løfta produktet vidare, er det viktig at ein tørr å stille kritiske spørsmål og få skapt sunne diskusjonar ⚽️

De gjer alle ein fantastisk jobb i klubben, stao pao vidare! 🤍

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift