Treningsavgift frå lillegutt/lillejente til senior er sendt ut

Alle aktive spelarar frå 11 år og oppover har fått treningsavgift pr mail. Dei som ikkje har motteke treningsavgift må lese viktig info under.

Treningsavgift for Lillegutt/Lillejente til og med senior er no sendt ut pr. mail. Av erfaring veit me at ein del ikkje mottek denne. Dette kan vere på grunn av feil registrerte mailadresser eller at eposten vert filtrert ut av spamfilter. Det er difor viktig at dei som er aktive og ikkje har motteke treningsavgifta pr. mail tek kontakt med faktura@sogndalfotball.no slik at ein kan rette opp i dette.