Julemøte

Kjære trenarar, lagleiarar og støttespelarar!

Det stundar mot jul og trenarar, lagleiarar og andre støttespelarar i Trott kan ta ein velfortent ferie. Trott set umåtelig pris på det gode arbeidet som blir gjort rundt dei enkelte laga. Utan friviljuge foreldre og vaksne hadde ein ikkje kunne ha eit så bra opplegg rundt born og ungdom i vårt nærmiljø. Tusen takk til alle som deltek i og rundt dugnadsklubben Trott! Klubben vil med dette invitere til ei roleg stund med kaffi, brus og pepperkaker onsdag 19. desember mellom kl 17- 19. Den som kjem innom vil få med seg ei lita merksemd som takk for innsatsen i år. Om du vil vere der i 2 timar eller 1 minutt avgjer du sjølv. Uansett – velkomen til drøs i klubbhuset!

 

Beste helsing

Styret v/ Geir E Aga

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift