Tonjer Skilt- no med som Bronsefalk!

Dei siste 3 åra, har det dukka opp nye sponsorveggar, flotte roll-upar og diverse materiell frå vår gode samarbeidspartner Tonjer Skilt. Denne veka, skreiv vi ny 3-årig avtale med skiltleverandøren på Haugalandet, som dobla innsatsen, og er med som Bronsefalk frå 2019!

For dei som ikkje kjenner dykk, kven er de og kva tenester leverer de?

Vi driv med storproduksjon av skilt, og ser på oss sjølve som skiltfabrikken på Haugalandet.

Vi er ein stor leverandør til reklamebyrå og underleverandørar. Vi leverer også miljødesign, skiltsystem, dekor av møterom/kontormiljø, tapet med eigne bilete, frosta folie til vindauge, bilete med støydemping, bannera og roll-upar. To gangar har vi levert flagg til store ekspedisjonar, så våre produkt kan du faktisk finne både på Nordpolen og Sørpolen.


Kva er dykkar inntrykk av Falkeid IL og kva er dykkar motivasjon for å støtte det frivillige arbeidet i klubben vår?

Vi i Tonjer Skilt ønskjer å støtte breiddeklubbar som Falkeid IL fordi de jobbar godt med barne- og ungdomsarbeid. Vi har alltid hatt eit godt inntrykk av Falkeid, og derfor ønskjer vi å vere med å bidra med det vi kan, fordi vi også ønskjer å verte assosiert med det dykkar frivillige utrettar der ute i Tysværvåg. Sjølv, har er vert på Kårstø Cup i 10 år, og eg har utelukkande gode minner frå dette.


Hjarteleg takk for praten, Jostein, eg ser fram til eit vidare godt samarbeid i dei kommande åra!

Tonjer Skilt kjem frå 2019 fortsatt til å vere synlege med logo på FIL-treningsbuksa, samt på sponsoroversiktar ute og inne, skilt på idrettsanlegget og i Falkeidhallen og med annonse på Infoskjermen.

Treng du eller di verksemd profileringsartiklar, miljødesign, skiltsystem el.? Då oppmodar eg deg til å ta kontakt med Jostein med det same, så hjelp han deg!

Ta kontakt på 99 60 94 95 eller jostein@tonjerskilt.no

Les meir om verksemda her https://www.tonjerskilt.no/

Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 31138
Ubetalt antall: 113
Betalt beløp: 115450
Betalt antall: 390
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Kontortid dagleg leiar:

Veke 49 (3 - 7 desember)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: Ute i møter, heile dagen

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 9.30-14.30

Veke 50 (10 - 14 desember)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 9.30-14.30

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 9.30-14.30

Spørsmål? Kontakt rett vedkommande i Falkeid, trykk her for å finne rett kontaktperson.

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift