Sponsorlunsj på Brasserie Brakstad!

Fredag var nokre av sponsorane til Falkeid IL samla til ein 2-retters lunsj på Brasserie Brakstad på Indre Kai i Haugesund. Sponsorane våre utgjer isolert sett den største inntektskjelda til Falkeid IL, og hand i hand med den formidable jobben våre driftige frivillige eldsjeler nedlegg, så er det dette som utgjer at Falkeid IL er eit av dei mest driftige idrettslaga på Haugalandet! Tusen takk til Brassiere Brakstad som for tredje året på rad serverte ein utsøkt 2-retters!

Desse var på Falkeid sin sponsorlunsj, frå venstre: Else Vestre (Equinior), Frode Gismarvik (Mecan), Steinar Gregersen (Br. Haukås Mek. Verkstad), Veronica Snare (Pizzabakeren), Morten Vestvik (Haugesund Sparebank), i ryggen på banken finn vi naturlegvis Tveit Regnskap med Solveig Sørvik, Cecilie Holden (Norengros), Elin Gismarvik (Murerfirma Tor Gismarvik), Rune Hagland (PayTec), Jorunn Stava (Naboen), Geir Stakkestad (Tysvær Kommune), Leif Olav Tjomseland (Monter Haugesund), James Persson (Assist), Narve Susort (Saga Bygg), Erik Hervik (Hervik Rør), Roger Wee (Wee Gruppen) og Mikael Benjamin Myklebust (Falkeid IL).


Er du med som frivillig i Falkeid IL eller med som sponsor, kan og bør du vere stolt av det vi til saman har fått til i år!

Sportsleg, har vi levert eit variert aktivitetstilbod med 350 aktive born, unge, vaksne og eldre i aktivittetane fotball, allidrett, handball, innebandy, spinning, basistrening og boccia.

Som arrangør, er vi i ei særklasse med tanke på omfang og oppslutning i forhold til storleiken vår, dette seier kort og godt at FIL-medlemmer er eksemplariske når det kjem til å stille opp på dugnad for idrettslaget!

I år arrangerte vi Haugalandets største terrengsykkelritt for vaksne, Steinsvikrittet og Haugalandets største sykkelritt for born, Haugesunds Avis Barneritt. I tillegg til dette, arrangerte vi Haugaland Kraft ungdomsritt, Stoke City Fotballskule, og eit av Haugalandets desidert største fotballturneringar, Kårstø Cup med, med nok ein ny rekord på 102 deltakande lag.


Som om ikkje det var nok, så er vi største aktør i sving med heile 40 frivillige på kvar og ein av FKH sine heimekampar.

Takka vere trufaste sponsorar og mange frivillige som verkeleg brettar opp armane for lokalsamfunnet, kan vi tilby idrett til alle!

Med det, meinar eg at vi kan tilby Haugalandets rimelegaste kontingent og attpåtil har vi eit aktivitetsfond for å inkludere dei som ellers hadde blitt ekskludert frå idretten.


Og det stoppar ikkje der….

Saman, og takka vere 3310 dugnadstimar (som tilsvara nesten 2 årsverk) av hallkomiteen, er vi no rusta og snart i gang med bygginga av søre Tysvær si nye storstove som vil gje aktivitetsmangfoldet vårt eit kjempeløft, Falkeidhallen!



Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 33435
Ubetalt antall: 122
Betalt beløp: 114650
Betalt antall: 386
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Kontortid dagleg leiar:

Veke 46 (12 - 16 november)

Borte!

Veke 47 (19 - 23 november)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 16.30 - 21.30

Torsdag: Ute i møter, heile dagen.

Fredag: 9.30-14.30

Spørsmål? Kontakt rett vedkommande i Falkeid, trykk her for å finne rett kontaktperson.

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift