Dugnad i halltomta - ei alternativ treningsøkt.

Gåande, syklande og kjøyrande på strekningen Falkeidhuset - Tysværvåg har merka aktivitet i halltomta sist veke der området er blitt rydda for trær og kratt.

Tysdag 11. september kl. 16.00 starta runde 2 av ryddedugnaden på halltomta i regi av innebandygruppa i Falkeid IL v/ leiar Stein Magnar Askeland-Gjerde.  Dugnaden gjekk over 3 dagar - tysdag, onsdag og torsdag - i veke 37 og arbeidet gjekk ut på å felle trær, busker og kratt og brenne opp etter kvart som kvisthaugane vokste. Dugnadsfolket som "slengte" seg med på dugnaden har gjort eit fantastisk stykke arbeid, som sikkert dei fleste gåande og kjøyrande har fått med seg.  Torsdagen heiv handball mix 13 seg på. Dei tok rett og slett ei alternativ treningsøkt i halltomta leia av trenar Simon Ertvaag. Ideen til denne treningøkta kom frå ein av utøverane som fremma forslag om ei alternativ treningsøkt i frisk luft.  Sjølvsagt tok dei vaksne på laget utfordringa og dugnad i halltomta blei det. Og som nokre av utøverane sa:  vi utfordrar andre lag til å ta ei tørn ved neste korsvei - dette var ei slitsom, men artig økt trening.  Takk til alle som stilte på omgang 2 av dugnadsarbeid i halltomta - eit fantastisk stykke innsats frå alle. Neste runde i halltomta er nå sett til torsdag 20. september frå kl. 16.00 og utover.  Bileta frå treningsøkta  og andre på dugnad torsdagen kan du sjå her:

Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 33435
Ubetalt antall: 122
Betalt beløp: 114650
Betalt antall: 386
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Kontortid dagleg leiar:

Veke 46 (12 - 16 november)

Borte!

Veke 47 (19 - 23 november)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 16.30 - 21.30

Torsdag: Ute i møter, heile dagen.

Fredag: 9.30-14.30

Spørsmål? Kontakt rett vedkommande i Falkeid, trykk her for å finne rett kontaktperson.

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift