Trottbasaren

IL TROTT arrangerer den årlege basaren i Samhald søndag 28.oktober kl.16.30. Dette er ei særs viktig inntektskjelde for drifta av idrettslaget, så me er avhengige av at alle lag og spelarar bidreg.

Informasjon:

  •   Utlevering: MÅNDAG 17. SEPTEMBER kl. 18.00-19.00 kan loddbøkene til spelarane hentast i Trotthuset. Lagleiar for kvart enkelt lag har ansvar for at desse blir utdelt og samla inn
  •   Innlevering: MÅNDAG 22. OKTOBER kl. 18.00- 19.00 må lagleiar levera inn loddbøkene og åregevinstar frå laga sine. Fyll ut statuslista som følgjer med.

 

Nokre aldersgrupper har i tillegg ulike oppgåver som lagleiar må organisere:

  •   Jente- og gutelag 7 år har ansvar for kakebaking. Minst tre av kakene må vere glutenfrie. Kakene/ bollane kan leverast i Samhald søndag 28.10 mellom kl. 15.30 og 16.15.
  •   Jente- og gutelag 11 år har ansvar for å selje lodd to laurdagar på Spar Haga (20.10 og 27.10 frå kl. 11- 17) Gute- og jentelaget fordeler sjølv tidene dei vil selje. Lagleiar får utdelt ekstra bøker saman med dei andre bøkene, og leverer dei saman med dei andre bøkene eller på basardagen. I tillegg må lagleiar skaffe bord/ stolar til dei som skal selje (eller låne frå Trotthuset)
  •  Jenter 15 hjelper til på kjøkken og med sal på basardagen. Me treng 4 spelarar til å selja i kiosken + 5 spelarar til å selja årer. Desse må møta på kjøkkenet i Samhald 20. oktober kl. 16.00.
     
  •    Juniorlag gutar hjelper med bordbæring før og etter basaren. Oppmøte kl. 14.30 og ca. kl. 18.30 i Samhald

 

Om du har spørsmål, ta kontakt med Ellen Tanggaard, 99001141

Tusen takk for hjelpa så langt !!!!

 

Sportsleg helsing

IL Trott v/ Basarnemda

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift