Påmelding til Allidrett hausten 2018

Vi held fram med tilbod om Alliidrett i Trott frå hausten av. No er det høve til å melde seg på.

Nær 100 born har delteke på Trott sitt Allidrettstilbod 2017-2018. Tilbodet blir vidareført og utvida frå hausten av. Vi opnar no opp for påmelding for born fødd i åra 2010, 2011, 2012 og 2013. .

Med Allidrett i Trott ønskjer vi å gje borna glede med fysisk aktivitet, i ein trygg sosial setting der vi gjev borna høve til å prøve ut ulike typar inne- og uteaktivitetar. 

Innandørs vert det leik og basisaktivtetar retta mot balanse, koordinasjon, balltilvenning etc. I tillegg vil vi vere ein del utandørs, med natursti, sykkelaktivitet, hinderløype, ski, aking og skeiser om vinteren etc.

Vi tar utgangspunkt i at allsidigheit, leik og mestring er grunnleggjande for utvikling av fysisk aktive born. Tilbodet skal gi borna mangfald og variasjon i aktivitetar innandørs og utandørs. Målet er å stimulere til utvikling av grunnleggjande fysisk mestring. Som igjen kan stimulere interesse for å vere fysisk aktiv lengst mogeleg. Tilbodet er opent for alle.

Vi starter opp med aktivitet (ein gong i veka) i midten av september, og avsluttar året rundt 1. mai.

Me har fast tilhald i gymsalen på Rommetveit skule (born fødd 2012 og 2013) og Nordbygdohallen (born fødd i 2010 og 2011). Tidene vert tilpassa dei treningstidene fotballen i Trott har for årsgruppene 2010-2012, slik at det ikkje vert på same dag.

 

Du kan melde på barnet ditt ved å sende ein e-post med namn, fødselsdato og adresse for barnet/barna, samt kontaktinfo (e-post, mobiltlfnr) for forelder/føresette til allidrett@outlook.com  

Påmeldingsfristen er 01.07.

Følg Trott Allidrett på Facebook.  

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift