Falkeidposten 2017

Eit produktivt Falkeid-år ligg bak oss, i 2017 har vi nok ein gang levert botnsolide arrangement og høgt nivå i den daglege treningskvardagen til våre medlemmar. No er vi saman med våre generalar, Saga Bygg og Haugesund Sparebank, rigga og klare for å ta fatt på eit nytt og spennande 2018. Men innan den tid, er det tid for eit sportsleg tilbakeblikk og det er tid for å takke dykk som driv Falkeid IL framover, våre driftige frivillige og våre rause samarbeidspartnerar!

Falkeidposten i sin heilheit, får du opp ved å trykke her!

Frivillige og samarbeidspartnerar heng saman som ei symbiose, eit gjensidig avhengighetsforhold der begge bidrag er like vitale. Dei frivillige har i 2017 nedlagt 31 692 dugnadstimar, dette tilsvara heile 18 årsverk med frivillig arbeid (sjå utrekning bakerst i Falkeidposten). Samstundes, har våre rause samarbeidspartnerar bidrege med varer, tenester, arbeid og eit solid pengebeløp.

Saman, utgjer vi det desidert mest driftige idrettslaget i kommunen, og truleg langt utanom kommunegrensa. Viktigast av alt, at vi skaper ein trygg, sunn og sosial arena for born, unge, vaksne og eldre i kvardagen til våre medlemmar. Dette bidreg til auka aktivitetsglede, som igjen betrar folkehelsa i Tysvær!

Falkeid vil vere like avhengig av kvar og ein samarbeidspartner og kvar dugnadstime i 2018. Både med tanke på dagens aktivitetar, men også med tanke framtidige aktivitetstilbod.

Eg oppmodar med dette alle lesarar om å verdsette dei som brukar fritida si på å bidra til fellesskapet. Takk dei som skaper sunne fritidsaktivitetar for alle som ønskjer det og dei som arrangerer store og solide arrangement for heile regionen. Sjå kring deg, på idrettsanlegget, på butikken, på skitur i romjula, ser du ein frivillig i Falkeid, eller nokon som støttar oss med bidrag frå bedrifta si, så oppmodar eg alle om å klapp vedkommande på skuldra, og takke hjarteleg for vedkommande sitt bidrag i ditt nærmiljø!

Ønskjer med dette alle frivillige, samarbeidspartnerar og medlemmar ei framifrå julehøgtid, og eit riktig godt nytt år!



Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 33435
Ubetalt antall: 122
Betalt beløp: 114650
Betalt antall: 386
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Kontortid dagleg leiar:

Veke 46 (12 - 16 november)

Borte!

Veke 47 (19 - 23 november)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 16.30 - 21.30

Torsdag: Ute i møter, heile dagen.

Fredag: 9.30-14.30

Spørsmål? Kontakt rett vedkommande i Falkeid, trykk her for å finne rett kontaktperson.

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift