Falkeid IL sin julebasar 2018 er allereie historie

Takk til alle medbygdingar som tok turen laurdag 2. desember 2018 til Falkeid IL sin julebasar.

Tonjer Skilt- no med som Bronsefalk!

Dei siste 3 åra, har det dukka opp nye sponsorveggar, flotte roll-upar og diverse materiell frå vår gode samarbeidspartner Tonjer Skilt. Denne veka, skreiv vi ny 3-årig avtale med skiltleverandøren på Haugalandet, som dobla innsatsen, og er med som Bronsefalk frå 2019!

Falkeid IL sin julebasar lørdag 1. desember 2018

Årets julebasar blir hold på Falkeid-huset lørdag 1. desember 2018 kl. 12.00 - 15.30.

Informasjonsmøte om bygging av Falkeidhallen onsdag 21. november 2018

Vi byggjer hall. Det blir halde informasjonsmøte for Falkeid IL sine medlemmer om byggjing av Falkeidhallen på idrettshuset onsdag 21. november 2018 kl. 20.00.

Kompispris 2018 - Fotball

Hedda Stokkenes,Jenter 14 og Even Gismarvik, Guttar 13 er tildelt årets "Kompis 2018" pokal

Pokalfest - Fotball barn og ungdom sesong 2018

Tysdag og Onsdag denne veka var det Pokalfest for barn og ungdomsavdelinga til Falkeid IL.

Wee - no med som Falk!

Wee Gruppen, har i mangfoldige år vert med som sponsor i Falkeid, no ønskjer dei å ta steget opp, og vil frå 2019 verte profilert som Falk. Med dette, vert dei synlege på informasjonskjermen vår, samt med skilt i Falkeidhallen. Trykk deg inn i nyheitssaken for å lese intervjuet med Roger Wee, som er dagleg leiar i Wee Gruppen. Sjekk også ut nettbuttikken deira og videoen som vil syne på informasjonskjermen vår.

Årsmeldingar-Fotball!

Trykk deg inn her for å opne og lese årsmeldingane og sjå bileta frå alle fotballaga våre i 2018!

Rydding av Falkeidhallen-tomta!

Førstkommande laurdag frå klokka 10 til 18 satsar me på å rydde resten av den nye tomta til Falkeidhallen. Alle som kan være med å bere kvistar og greiner er hjertelig velkomne! Bilete er frå første ryddedugnaden på tomta, mykje er skjedd sidan den gang. Bli med å på å legge siste handa på verket før knausen går i lufta før julefreden senkar seg.

Assist - vår nye Bronsefalk!

Assist og Falkeid skreiv i dag ei 4-årig samarbeidsavtale som trer i kraft frå 2019. Vår framoverlente Bronsefalk, syner frå første samtale stor samarbeidsvilje og vil allereie innan jul få på plass informasjonsskjerm på klubbhuset, som ein del av avtala. Assist har ein tydleg plan for alt dei held på med, og har allereie drege i trådar som gjer at vi snart også kan signere endå ei samarbeidsavtale. Assist vil frå i dag av, vere ei hjelpande hand for idrettslaget, våre medlemmer og ikkje minst i arbeidet med å synleggjere våre samarbeidspartnerar på vår nye infoskjerm, og med ytterlegare 3 infoskjermar i Falkeidhallen! Opne nyheittsaken for å les intervjuet med med klokkeklare leiaren i verksemda, James Persson.

Spiller Alder Kamper Mål

Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 31138
Ubetalt antall: 113
Betalt beløp: 115450
Betalt antall: 390
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Kontortid dagleg leiar:

Veke 49 (3 - 7 desember)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: Ute i møter, heile dagen

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 9.30-14.30

Veke 50 (10 - 14 desember)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 9.30-14.30

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 9.30-14.30

Spørsmål? Kontakt rett vedkommande i Falkeid, trykk her for å finne rett kontaktperson.

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift