Trott

Allidrett

Allidrett

Trott har eit tilbod om Allidrett for born fødd i 2010-2013. Målet med Allidrett i Trott er å gje borna glede med fysisk aktivitet. I ein setting der vi gjev borna høve til å prøve ut ulike typar aktivitetar/idrettar. Tilbodet er eit lavterskel tilbod som er open for alle.

Vi tar utgangspunkt i at allsidigheit, leik og mestring er grunnleggjande for utvikling av fysisk aktive born. Tilbodet skal gi borna mangfald og variasjon i aktivitetar innandørs og utandørs. Målet er å stimulere til utvikling av grunnleggjande fysisk mestring. Som igjen kan stimulere interesse for å vere fysisk aktiv lengst mogeleg.

 

Tilbodet har ei fast "treningstid" i veka, med tilhald i gymsalen på Rommetveit skule, eller Nordbygdohallen. Halvårsplan for gruppene finn du her:

  • Halvårsplan haust 2018 -  born fødd i 2010-2111 (Sjå her)
  • Halvårsplan haust 2018 - born fødd i 2012 (Sjå her)
  • Halvårsplan haust 2018 - born fødd i 2013 (Sjå her)

 

Lenkje til Trott Allidrett på facebook: https://www.facebook.com/Trott-Allidrett-1702949563343337/

Trott IL
Postboks 790, 5404 STORD
trott@sklbb.no

Ansvarlig Web redaktør: Geir E Aga

Bankkonto 3520.07.19237

Flest mogeleg lengst mogeleg

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift