Skånevik

Kvinnegruppa

Kvinnegruppa

Når det snakkast om penger, god hjelp og støtte til laget, må KVINNEGRUPPA spesielt nemnast. Her gjorde Idrettslaget eit godt kupp! Idrettslaget hadde i 70-80 åra ei eiga Kvinnegruppe som gjorde ein stor jobb:

Heilt frå starten i Mathiassen si formanstid, i 1974, har Kvinnegruppa gjordt eit kjempearbeid. Kor mange kroner denne gruppa har skrangla inn, og putta i hovedkassen, er ikkje godt å seia. Men dei er mange, svært mange. Til Kvinnegruppa har hovudstyret og grupper i laget mang ein gong gått på "friarføtter". Ja, bomma pengar altså!

Kvinnegruppa har vore: Bingospesialistar, Basar- og Kakelotterisjefar, m.m. Økonomisk- og anna god hjelp til å driva godt arbeid blandt dei yngste i idrettslaget står alltid øverst på saklista når dei har møter.

Kvinnegruppa vert sjølvsagt vald på idrettslaget sitt årsmøte, men står litt friare på eigne bein. Dei fører sjølv rekneskap, har eigen pengekasse, disponerar og tar store avgjerder sjølv. Heile tida, med hovudstyret si fulle tillit.

Til den årlege festen for dei yngste fotballspelarane, etter endt sesong, så er det Kvinnegruppa som i første rekkje sjefar og greier opp.

Eit særs godt tiltak dei fann på i 1980 var å kjøpa ein 15-seters buss. Dette for å lettare kunne ordne med skyss til mange reiser, til og frå kampar og konkurransar for mange lag. Bussen kosta ca kr 50.000,- så her måtte dei, naturleg nok, sjølve ut på lånemarkedet. Men det gjekk ikkje svært lang tid, før lånet var komen ned i kr 0,-.

Hjelp til å realisera ein Norway Cup tur for to unge fotballag, hjelp til Skigruppa ved kjøp av ein ny snøscooter, og kjøp av store høgtalarar på nye Skånevik Stadion, er berre nokre av dei mange positive tiltak desse damene har gjort for Idrettslaget. Kjøp av Campingvogn som kiosk høyrer også med.

Det kan vera litt farleg og urett ovanfor mange å her berre nemna nokre få spesielle namn, som har vore hovedpersonar i gruppa. Men me går ikkje klar: Bella Karlsen, Gunvor Røgelstad, Edit Horndal og Anna Skarm, ryggraden liksom! Me har dermed ikkje gløymt korkje Ingrid, Aud, Ada, Ann Hilde, Wainy, Randi eller Kjellaug og alle dei andre. Ja eit heilt fotballag, m/reservar i antal.

Frå "Jubileumsskriftet" s 71-73 - Gunnar Johansson

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift