Skånevik

Idrettsbane

Idrettsbane
Frå dei eldste tider som me kjenner til at det har vore drive idrett i Skånevik, så er det fotballen som samla dei unge mest. Idrettsplass var her ikkje, og me kjenner heller ikkje til at det var slike planar. Men derimot var det behov for ein fotballbane og den måtte leigast. Det var på Millie Gård at ein kunne finna areal som var så store, at dei var brukande. Det var dyrka mark som blei leigd for eit år om gongen.
Plassen skifta frå år til år. Det var Øsphaugflaten, Øsphaugmyra, og nede ved sjøen på Sjoaren på begge sidar av Aleen, at det blei spela fotball. Det var med ei rimeleg leiga, og elles velvilje frå Bull-Tornøe at det lot seg gjera. Kva tid dette tok til er vanskeleg å tidfeste heilt nøye.
Først når Skånevik Idrettslag blei starta i 1935 blei planar om ein permanent idrettsplass diskutert, og blei laget sitt fremste mål. Alt i 1936 blei dei første forhandlingane med Kleng Førre tatt opp, utan at dei store resultater blei nådd. I åra 36-39 fekk ein leige eit areal på 5-6 dekar i øvre enden av Sjoaren, frå den gamle eika og nedover der skulen ligg i dag. Leiga var ca kr 100,- pr. år. Denne banen var smal og det mangla også ein god del på at den var flat…Men sjølv om ein måtte ta ein omgang i motbakke og ein i unnabakk, så blei der til dels spela god fotball der. Der var også den første basaren halden ein fin sommarkveld i 1936. Alt då vart det teke til å samle pengar, med tanke på å få bygd ein tidsmessig idrettsplass.
Så kom krigen og det blei stopp i arbeidet. Ein pengesum på 2000,- stod på bankkonto. Når så krigen endeleg var slutt var ein optimistar og trudde på at nå skulle det snart bli idrettsplass. Men ennå måtte det gå nokre år før så skjedde. Igjen måtte ein til Millie Gard og be om å få leige ein bakke, og nå blei det Øsphaugflaten.
Eigen bane
Det blei nye forhandlingar med Kleng Førre, då han hadde areal som i alle fall var stort nok. Det var ei myr der den nye idrettsplassen nå ligg. Myra var blaut, og lot det seg gjera å turka myra ut, slik at den kunne bli brukande til formålet? Ja, det var det delte meiningar om. Heradsagronom Sverre Eik, og andre var med når det blei tatt prøvar av myra. Eit vassledningsrøyr som var 4 m langt gjekk til endes i myra utan at me kunne finna botn nokon plass. Ja, dette var spanande. Kunne det bli idrettsplass av slikt? Jo, meinte heradsagronomen, og andre jordbruksfolk meinte det same.
Etter at forhandlingane med Kleng Førre førde til at laget fekk ein leigekontrakt på 25 år, gjekk ein så i gang. Grøftearbeidet blei gjordt på dugnad, og der blei tatt ca 2500m med grøft. I bot blei lagde øspebord som drensrøyra blei lagde på. Gummistøvlar som rakk til skrittet, og gummidraktar var utstyr som dei i grøftene måtte bruka.
Når det så kom til planeringsarbeidet blei det tatt inn leigefolk. Ingen maskinar var i bruk. Det heile blei gjort med spade og trillebår. På forsommaren 1953 vart banen sådd, og våren 1954 kunne ein ta den i bruk. Den 24. april 1954 opna ein banen under stor stas. Formannen i Fylkesnemnda for idrettsanlegg Asbjørn Hansen frå Odda stod for den offisielle opninga. Elles var det talar, musikk og mykje stas. Fotballturnering med fotballaga frå Etne, Halsnøy og Trio saman med vårt lag deltok. Turneringa blei vunnen av Etne. Om kvelden var det sjølvsagt stor fest i Ungdomshuset. Og det var i det heile ein velukka dag, står det i protokollen som var skriven av dåverande formann Magnus Hjelmervik.
Banen blei så brukt i 23 år, utan nemnande vedlikeholdsarbeide. Det førde til at når dei nye planane om Idrettsanlegg blei tatt opp i 1977 var den gamle banen i svært dårleg forfatning. Myra hadde sege og den var då lite brukeleg som fotballbane.
På’an igjen
Dei nye planane blei så tatt opp, og etter det nødvendige planleggingsarbeidet og kostnadsoverslag blei søknad sendt til Etne Kommunestyre som i møte den 13.12.1977 gav grønt lys for anlegget. I kommunestyremøte i januar blei denne byggjenemnda vald: Peder Ness, Gunnar Johansson, Ellen Halleland, Njål Dyrrdal og Knut Jespersen.
Njål Dyrrdal vart vald til formann og han fortel frå arbeidet:
”Det var nok først etter at Etne Idrettslag søkte kommunen om å byggja nytt anlegg at me i Skånevik fekk litt fart på oss. Gunnar Johansson fekk kjennskap til søknaden gjennom formannskapsarbeid, og Leif Åsheim heldt eit auga med det som hende på kontoret til Teknisk Etat. Litt kjennskap til tankar om å byggja nytt anlegg i Skånevik fekk eg kring september 1977. Det var Knut Jespersen som spurde om eg ville vera med å hjelpa til med ein søknad.
Arbeidet gjekk med stor fart og det er vel heller tvilsomt om det er idrettsanlegg på denne storleik som er planlagt på kortare tid. Knut laga teikningar, Leif, Gunnar og Hermann Taraldsøy kostnadsrekna og laga arbeidsbeskrivelse. Sverre Udstuen, Udmund Kjell Stengårdsbakken og Njål Dyrrdal hjelpte med å skriva søknad. Grunnen til så stort hastverk var nok at søknaden frå Skånevik skulle koma til formannskapet og handsamast samtidig med den frå Etne. Godt førearbeid av Gunnar og ein velvillig ordførar, gjorde at me lukkast i dette. Begge søknandane vart handsama 04.10.1977.
Grunntilhøva under banen er ikkje gode. Idrettskonsulenten peika på det, alt før me sende søknad til kommunen. Myrselskapet gjorde sine undersøkingar og peika på løysingar som ikkje var heilt i tråd med våre ønskemål. Den 10. april 1978 greidde me å losa planane gjennom i Statens Idrett- og Ungdomskontor. Leif Åsheim og Njål Dyrrdal var i møte i Oslo. Idrettssjef Greiner Simonsen og ing. Diesen frå fritidseksjonen i Bergen fortalde og synte film frå liknande arbeid i Bergen, og eg trur at dette hadde avgjerande betydning for ei for oss positiv tilråding. Etter dette møtet vart planane for anlegget modifisert noko, likevel i store trekk slik som me hadde tenkt. Me som arbeidde med planane for anlegget i spetemberdagane i 1977 var entusiastiske, men ikkje så lite tankelause. Eg er redd for at det ikkje eingong finst eit styrevedtak i laget om å senda søknad til kommunen om ny bane. Og det er klårt at me ikkje hadde noko fullmakt frå laget til å yta ein dugnad på fleire hundre tusen kroner slik det står i finansieringsplanen me sende til kommunen.
Første store dugnadsarbeidet blei å skaffe ospepælar til fundament under kulvertrøyra som går mellom grusbanen og hovudbanen. Storparten kom frå Hokkelshaug og Sandvik, men og ein del frå Ola Førre sin eigedom. Vidare var det eit stort tak å støypa alle sementblokkene som vart bolta fast på toppen av pælane. Dugnadslistene viser mykje variert arbeid. Manuelt arbeid i 83-84 gjekk mykje til arbeidet på gjerde rundt banen, støyping av murkant, planering og ferdig-gjering av toppdekket. På det meste var det registrert mellom 50 og 60 personar på dugnadsarbeid samtidig. I korte periodar var det lett å skaffe folk til dugnadsarbeid, men vanskelegare over lengre tidsrom.
Grusbanen var teken i bruk sommaren 1979, men stadige setningar førde til at me måtte etterfylla, og justera mange gonger. Seinast sommaren 1983 vart det påfylt ca 200 m³ i sørenden av grusbanen. Hovudbanen har og hatt eindel setningar, men får tru at dei ikkje vert større enn det let seg justera i framtida. Hovudbanen vart offisielt teken i bruk sommaren 1984. Alle som har vore med å arbeidd for ny idrettsbane i Skånevik har visst at grunntilhøva ikkje har vore gode, men alternative areal er vanskeleg å finna i bygda og miljøet kring banen og avstand til sentrum/bustadfelt er det beste.”
31.01.1985 – Njål Dyrrdal
Ny stor dag
Det nye anlegget blei offisielt opna den 29. juli 1984. At A-laget tapte heile 8-0 for Haugar gjer ingenting. Åpninga føretok ordføraren. Helge Hauge frå Sunnhordlands Fotballkrets gratulera med det flotte anlegget. Hornmusikk og stor stemning. Til slutt kan me vel ikkje unnlata å nemna at det kostar pengar å byggja eit slikt anlegg. Samla kostnad kr 3.084.636,-. Av dette fekk me kr 930.000,- frå tippemidlar. Laget sin samla eigeninnsats kr 435.714,-. Resten ca kr 1.700.000,- har me berre Etne Kommune å takka for.
 
Frå jubileumsskriftet s 40-46

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift