Skånevik

Vår første formann

Vår første formann

Det var sokneprest Kristen Valkner som gjorde opptaket til å starta Skånevik Idrettslag og han vart også første formannen i laget.

Det hadde sjølvsagt vore dreve idrett her i bygda i mange år før den tid, men ikkje i lags form. Skånevik Fotballklubb er nok mykje eldre og var i den tid vide kjendt som ein god aktiv klubb. Det er fortalt mange historier om gode og harde kampar på dårlege banar. Motstandarane var klubbar frå bygdene herikring og ikkje minst frå Haugesund og Bergen.

Som nemnt så var det sokneprest Valkner som gjorde opptaket til å starta eit idrettslag i Skånevik. Det var i året 1935. Dette laget skulle ta vare på alle greiner av idretten, då kanskje først og fremst friidretten. Valkner starta og første speidartroppen i Skånevik i 1929, starta ei ungdomsforening, og var redaktør av Skånevik Menighetsblad. Valkner var altså ein kunnskapsrik mann med mange interesser.

"Jubileumsskrift", s 12-13 av Ragnar Bårdsen

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift