Satsing på Fair Play

Sogndal Breiddefotball ynskjer eit auka fokus på Fair Play. I sesongen 2013 vil ein setje i verk fleire tiltak inn mot Fair Play.

 

Målet med Fair Play arbeidet er å betre fotballaktiviteten i klubben. Alle SKAL ha det kjekt og trivast med fotballen. Saman med spelarar, trenarar, lagleiarar, foreldre og støttespelarar skal me skape eit fotballmiljø i Sogndal som tydeleg viser gode haldningar på alle arenaer.

I Sogndal Breiddefotball skal alle spelarar, før sesongen byrjar, skrive under på ei haldningskontrakt. Denne finn de under fana "Fair Play" på heimesida. Det er veldig viktig at alle trenarar prioriterar dette, til dømes har gjennomgang på ei trening. I tillegg ynskjer ein å betre kamparrangementa gjennom at alle laga har ein "Fair Play kampvert". Informasjon om kampverten finn de og under fana "Fair Play".

Sogndal Breiddefotball vil gjennom sesongen og ha eit auka fokus på Fair Play her på nettsida. Dersom laga har gode Fair Play historiar, eller tilbakemeldingar, ber me dykk sende inn desse på e-post til vår Fair Play kontakt, Ann Helen Lægreid.