Krav om politiattest i Sogndal Fotball

Alle trenarar og lagleiarar i Sogndal Fotball må framvisa politiattest. Dei som ikkje har politiattest må ordne det før sesongstart.

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordningen gjeld for alle som skal utføre oppgaver som i vesentlig grad innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller mennesker med utviklingshemming. Ordningen trådde i kraft 1. januar 2009.

Rutinane for dette i Sogndal Breiddefotball er beskrive i Info frå Breiddestyret /  Politiattest

http://www.kxweb.no/portal/public/showContentCategory.do?id=21171

Det er Tonje Norheim Tangerud som er ansvarleg for å signerer søknadene og  registerer framviste politiattestar i vår database. Morten Bøthun er vara / stedfortreder.

Ber om at alle i støtteapparata rundt våre breiddelag tek tak i dette. Sidan ordninga trådde i kraft i 2009 er det også ein del som har utgåtte politiattestar, sidan desse må fornyast kvart 3.år. Lagleiarane kan gjerne kartlegge om alle i støtteapparatet på laget har framvist politiattest.