FIKS brukarar

Lagleiar i alderklassane 13-16år treng tilgang til FIKS. Dette blir de tildelt

Hei!

På lagleiarmøtet arrangert av NFF Sogn og Fjordane så blei det opplyst at kamprapportar no skal sendast elektronisk via FIKS. Lagleiarar må derfor få tilgang på FIKS.

Følgjande info frå krets:"Alle klubbane må prioritere å opprette lagleiarane som FIKS – brukar, og at denne lagleiaren ligger inne med e-postadresse.Når de har oppretta lagleiar som FIKS-brukar, går kretsen inn på kvar klubb i FIKS og tildeler rettigheiter for å administrere elektroniske kamprapportar"

Eg er FIKS ansvarleg i Sogndal Fotball og skal i løpet av dei nærmaste dagane tildele FIKS brukarar for dei det gjeld. De får då ein epost om dette.

Ta kontakt dersom de lurer på noko kring dette:  Morten Bøthun  http://mboeth@online.no