Akademiet hausten 2015

Her finn de info om Sogndal Akademiet for hausten 2015.

AKADEMIET PERIODE SEPTEMBER TIL DESEMBER 2015

Eit ekstratreningstilbod frå Sogndal Fotball

Sogndal Fotball ynskjer med akademiet å gi eit utvida tilbod til dei som vil trene meir fotball. Treningane held fokus på utvikling av individuelle tekniske og taktiske ferdigheitar. Akademiet er eit eige tiltak, på sida av breiddefotballen. Akademiet er eit supplement til ordinære fotballtreningar. Det er heller ikkje meininga at akademiet skal skyve vekk andre aktivitetar ungane er opptekne av. Difor er desse treningstidene lagt til der det er få andre aktivitetar.

                                                                                                MÅL:

Langsiktig utvikling av tekniske og taktiske fotballferdigheitar i eit læringsmiljø som fremjar interesse, haldningar og motivasjon til vidare utvikling. Arbeidet på akademiet er tufta på dei tre pilarane: ferdigheit, kunnskap og haldning.

Ferdigheitskompetansen; Spelarane skal få moglegheiter til å få nok læring innan dei komplimentære ferdigheitane, deriblant tekniske og taktiske ferdigheitar.

Kunnskapskompetansen; Denne kompetansen inneber kunnskap om kva kosthald, søvn og kvile betyr for prestasjon- både i idrett og skule. I tillegg ynskjer vi at spelarane får kunnskap om regelverk og miljø, som eit fundament i vidare arbeid med haldningskompetansen.

Haldningskompetansen; Sentrale punkt er åtferd, skule og miljø. Åtferd er viktig i forhold til foreldre, lagkameratar, trenar, leiar, motstandar, dommar, vener og så vidare. Vi ynskje at spelarane prioriterer utdanning og motiverar spelarane til å ta skulen på alvor. Det er og viktig at spelarane er opptekne av miljø og ivaretek dei verdiane som klubben står for.

AKADEMIET  HAUSTEN 2015

Sogndal fotball tilbyr akademi for perioden september til desember

Gutar og jenter fødde 2007 og 2006

 Oppstart onsdag 2. september, avsluttast onsdag 2.desember

Treningstider:
Onsdag 13:15-16:00        13:15-13:45        Oppmøte Byggerirommet - Varm mat HISF kantina
                                              13:50-14:30        Leksetid Byggerirommet
                                              14:45-16:00        Fotballøkt Sognahallen
                                                                                        
 

Gutar og jenter fødde 2005 og 2004

Oppstart mandag 31.august, avsluttast mandag 30.november

Treningstider:
Mandag 14:00-16:15        14:00-14:25        Oppmøte Byggerirommet - Varm mat HISF kantina
                                              14:30-15:00        Leksetid Byggerirommet
                                              15:00-16:15        Fotballøkt Sognahallen

 

Gutar og jenter fødde 2003,2002,2001

Oppstart torsdag 3. september, avsluttast torsdag 3.desember

Treningstider:
Torsdag 07:20-08:30       07:20-08:30       Fotballøkt Sognahallen

Påmelding og betaling:

1. Påmelding og informasjon årskull 2007-2006

2. Påmelding og informasjon årskull 2005-2004 

3. Påmelding og informasjon årskull 2003-2002-2001

 

* Etter haustferien blir akademiet utvida med ei økt ekstra i alle årsklassar. Nærmare informasjon om desse øktene kjem etter sommarferien.


For meir info kontakt Sogndal Fotball pr.mail: akademiet@sogndalfotball.no