Bedriftsfotballturnering i Skånevik

Laurdag 21. mai brakar det laus med den første bedriftsfotballturneringa i Skånevik! Les her..

Etter ide av to kjekke damer på Johansen rør har nå ni lag meldt seg på i turneringa, som Skånevik idrettslag arrangerer. Turneringa startar klokka 11 og varer utover ettermiddagen.

Dei ni laga er delt inn i tre puljer, og vinnaren vil til slutt stikke av med ein vandrepokal!

Me håpar dette vert ein kjekk sosial happening både for spelarar og publikum, så det er berre til å møte opp å støtte våre lokale bedrifter!!

 

Laga er som følger:

Tungesvik Bygg, Knudsen Trevarefabrikk, SØK, SMV, Markhus Maskin, Skånevik Skule, Johansen rør, Skånevik Omsorgssenter og Skånevik Fjordhotel.

Det vert sal av vafler og pølser på Skånevik Stadion.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift