Postvegmarsjen

arrangør Skånevik Il og posten

Den gamle postvegen Skånevik - Etne

 Frå gamalt vart posten langs Vestlandskysten send med båt. Det var gamle jekter som var avhengige av ver og vind, og postgangen kunne derfor bli svært ujamn. 
Etter kvart vart det eit folkekrav å få meir faste, regelmessige postruter.   Skulle ein oppnå det, måtte mesteparten av postføringa leggjast på land. Difor tok ein til å byggja dei første postvegane og ein kan seia at Postverket var dei første vegbyggjarane i Noreg.  Dette vegarbeidet vart gjort som  plikt-arbeid.

Ein av desse vegane "Den Stavangerske Hovedvei" frå Bergen til Stavanger - vart opna i 1785.  Ein gong i veka gjekk det post kvar veg. Ein fast postførar følgde posten heile vegen, og så var det postskyss langs ruta som sytte for at posten vart transportert til neste stasjon. Postvegen over Varleitet - mellom Skånevik og Etne er ein del av denne ruta, og det lengste strekkja som ikkje er omarbeidd seinare

Poststasjonane låg på Flåto i Etne og på Leknes i Skånevik. Bønder var utskrivne til skyssteneste (postbønder). Dei hadde ikkje løn, men slapp militærteneste. Dersom det var nødvendig skulle dei svara med livet for at posten skulle komma fram!

Desse har vore postbønder i Etne: 
Jon Olsson Gjerde (1764 - 1830), Bård Jakobsson Flåto (1751 - 1821), Knut Helgesson Gjerde (1755 - 1821) Lars Sjursson Flåto (1781 -1867) og Bård Larsson Flåto (1812 - 1902).

Bård Larsson Flåto var den siste postbonden i Etne, og den første postopnaren då postopneriet i Etne vart oppretta i 1845.  Det var vanleg at postbøndene reid over fjellet med posten saman med postføraren.

Postruta over fjellet vart nedlagt då vi fekk faste dampbåtruter i 1866. I 1932 kom dei første postførande bilrutene frå /til Haugesund.


Postvegen er stipla på kartet


Robåtruta frå Leknes til Ølfarnes


Parti frå postvegen

Ein framifrå turveg
  Postvegen er ein svært fin tursti.  Vegen er fast og fin.  Nokre kneikar er det, dei er ikkje særleg bratte.  Frå Skånevik og Skånevik kan ein rekna at det tar ca. 1,5 time å gå til det høgaste punktet Varleitet.  Herfrå kan ein gå innover mot Stødlehetta ( 776 m.o.h.) ellet utover til Veten ( 634 m.o.h.):  Frå desse hødene har ein eit framifrå utsyn over Skånevik, Etne og heile Sunnhordland.  

Kvart år vert Postvegmarsjen arrangert i begynnelsen av juni.


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift