Romjulsturneringar

Skånevik Idrettslag arrangerte dei årvisse volleyball- og fotballturneringane i romjula. God oppslutning både av påmelde lag og publikum viser at dette er populære arrangement.

Volleyballturneringa vart på 2. juledag arrangert for 15. år på rad, og hadde heile 11 deltakande lag. Alderen varierte frå 13 til over 55 år, noko som viser at dette er eit arrangement for heile familien. Finalen var mellom ”Momle Gåsegg” og ”Lett blanding”, og som i kampen i innleiande gruppespel var det ”Momle Gåsegg” som gjekk av med sigeren. I år er det altså Rune Johansson, Tommy Johansson, Kari Johansson, Finn Solberg, Bjarne Vika og Randi Håland som kan kalla seg ”Skånevikmeisterar i volleyball”J

 

Fotballturneringa vart arrangert på laurdagen og hadde 6 deltakande lag. Alle laga møtte kvarandre i dei innleiande kampane og det vart mange jamne og uavgjorte kampar. ”Team Manpower” og ”Hålo FC” sanka inn mest poeng og møttest til finale. Finalen var jamnspelt og etter 8 minutt var stillinga 1-1. Finalen vart derfor avgjort på straffesparkkonkurranse. Keeperane på begge lag gjorde ein god innsats, og det vart tatt 5 straffar frå kvart lag før Stian Nedreskår     klarte å sette første straffe i mål og dermed sikre at ”Hålo FC” gjekk av med den prestisjetunge seieren. Med på ”Hålo FC” var Kristian Nilsen, Stian Nedreskår, Kjetil Nedreskår, Sveinung Byre, Vidar Bersås, Håvard Matre og Lars Christophersen.

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift