Skånevik IL fekk storslått gåve frå SMV!

SMV delte i samband med 50-års jubileumet sitt ut pengegåver til lag og organisasjonar i bygda.

Skånevik IL var så heldige å få kr 150.000,- frå SMV, og styret er overvelda. På neste styremøte vil det bli vurdert om deler av beløpet skal nyttast til nokon spesielle tiltak, i staden for å berre gå inn i den ordinere drifta. Om nokon har gode forslag så er det berre å ta kontakt med styret. Skånevik IL skal også hjelpe til med å byggje lagerbygningen til Skånevik Kultur- og Idrettshall, så noko av pengane vil i alle fall gå med til dette.


Foto frå Skånevik Nett

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift