Handball for gutar

Frå denne sesongen startar Sund Sportsklubb opp med guttehandball 1 - 4 trinn i barneskulen.

Sund SK har ein lang tradisjon for handball både for jenter og gutar, men dei siste åra har det ikkje vore gutelag. Med ny hall på gong i Spildepollen og elles fin driv i klubben er me klare for å starta opp med handball for dei yngste gutane att.

Det vert handball for 1 til 4 trinn på barneskulen fordelt på to treningsgrupper i Strandahallen.

  • Treningstid 2012/2011: Måndag 18:00 til 19:00
  • Treningstid 2010/2009: Måndag 19:00 til 20:00

NB! Kan bli endringar på tider  

Som trenar har me den ivrige og flinke trenaren Kenneth Iversen. Kenneth har dei siste åra trent 2002 jentene i klubben, men vil no ha i gong gutalag.

Sund Sportsklubb blir veldig glad om de kjem og prøver ut denne flott idretten. Det vert og lagt til rette for dei som vil spela både handball og fotball.  Velja kan ein gjera seinare😊

Møt opp måndag 3. September for handballmoro i Strandahallen.

Ved spørsmål, ta kontakt med:

  • Trenar:
    Kenneth Iversen, 957 52 516
     
  • Leiar handball:
    Ronny Kausland, 98218808

Kontingent status

 
Kontingent fotball 2018
Har du glemt å betale??
Ubetalt beløp (ca): 93028
Ubetalt antall: 61
Betalt beløp: 211739
Betalt antall: 143