Dugnad på anlegget i Prestegardsskogen vår 2018

Det er trong for ein dugnad rundt anlegget vårt i Prestegardsskogen. Me tek sikte på tysdag 15. mai kl 17- 19.

Arbeid som skal gjerast er;

  • Koste rundt banane og samle opp gummigranulat som ligg utanfor banane
  • Kutting av buskar og tre
  • Spyling/ vask rundt klubbhuset og garderobeanlegget
  • Vask av vindauge i klubbhuset
  • Rydding av Trottloftet
  • Rydding i speakerbua

Ta med eventuelt motorsag, hekksaks/ greinekuttar, kantklyppar, kost, og liknande.

Om det stiller ein person frå kvart lag er det nok. Det er fint om ein unngår å bruke trenarar/ lagleiar til dette. Forslaget er at lagleiar engasjerer ein forelder frå kvart lag.

Me er klar over at det er kort varsel, men vonar folk tek seg tid til litt felles dugnad.

Vel møtt!

Styret

v/ Birger og Rune

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift