General Saga Bygg er med vidare!

Det er meg ei stor glede å annonsere at Saga Bygg i dag signerte ny 3-årig avtale med Falkeid IL. Saga Bygg har i ein mannsalder vert den største og mest vitale samarbeidspartneren til Falkeid IL, og dei har i like mange år levert formidabel service. Byggmesterfirmaet som heldt til på Haugaland Næringspark ser samfunnsnytta av dugnadsinnsatsen som gjerast i idrettslaget, og ønskjer med samarbeidet å støtte opp om den formidable jobben som gjerast i så måte. Les kva driftsleiar i Saga Bygg, Narve Susort, seier i høve forlenginga av samarbeidet.

Kva er dykka motivasjon for å støtte det frivillige arbeidet i Falkeid IL?

Vår motivasjon er å støtte lokalmiljøet, og sør i Tysvær er Falkeid IL ein vital aktør i så måte. Vi ser at idrettslaget får til mykje, og gjer det bra på mange områder. Eksempelvis gjennom store tunge arrangement som Kårstø Cup og Steinsvikrittet, som ikkje berre kjem kringliggande bygder til gode, men som set Tysværvåg på kartet for mange i heile regionen. Eit anna eksempel, er den daglege aktiviteten med aktive barn og unge på banane, og mykje aktivitet og bruk av klubbhuset. Dette er mogeleg takka vere engasjerte frivillige, og frivilligheita skal vi ta vare på, for den har ein enorm samfunnsmessig verdi. Idrettslaget er ein sosial arena for mange menneskje, det har folkehelsegevinst, det er ein viktig arena der folk møtes og utrettar noko i saman. Eg synes Falkeid IL er gode på å jobbe tett på visjonen sin med å tilretteleggje for «alle som ønskjer» fra dei aller minste til dei eldste.

Ein anna, og like viktig motivasjonsfaktor er i FIL sin visjon, er at idrettslaget skal vere ein «viktig miljøfaktor med haldningsarbeidet Kompis». Det at klubben aktivt jobbar med haldningane til alle som er med, er utruleg viktig for at det skal vere ein trygg og positiv plass å vere for alle involverte.

Korleis ser du for deg Falkeid IL om nokre år?

Falkeid IL er jo ein breiddeklubb, og eg ser lyst på mogeligheitane Falkeidhallen vil by på for alle som ønskjer ein aktivitet som ikkje nødvendigvis må involvere ein ball. Det vil opne nye dører med tanke på aktivitetsmangfaldet i idrettslaget, og vil famne mykje breiare enn dagens aktivitetstilbod. I tillegg, så vil det vere ein enorm opptur for dei som er med på aktivitetane som tilbys pr. no.

Kva ønskjer dykk å ha attende for samarbeidet?

Vi ønskjer først å fremst å bidra til ein god sak, og Falkeid IL er ein god sak og samfunnsnyttig aktør på mange måtar. Vi ønskjer å sjå at klubben jobbar for at det er stor aktivitet i klubben, at det skjer noko både på banane, kring banane og på klubbhuset heile veka. Og vi håpar at vårt bidrag gjer til at klubbkvardagen vert best mogeleg. Sjølvsagt, ønskjer vi også at Saga Bygg-logoen er synleg på klubbtøy og drakter, og at vi vert assosiert med eit fortreffeleg idrettslag som Falkeid IL i beste Kompis-ånd.


Takk for praten, Narve, samarbeidet med dykk er gull verdt for Falkeid IL.

Les meir om vår General Saga Bygg her: http://www.sagabygg.no/forside

Dei er også på Facebook.



Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 37650
Ubetalt antall: 133
Betalt beløp: 108400
Betalt antall: 361
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Kontortid dagleg leiar:

Veke 33 (13-17 aug)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 16.30 - 21.30

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 9.30 - 14.30

Veke 34 (6-10 aug)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 9.30-14.30

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 13 - 18

Laurdag: Steinsvikrittet og Haugaland Kraft ungdomsritt

Sundag: Haugesunds Avis Barneritt

Jobbar redusert ut oktober

Spørsmål? Kontakt rett vedkommande i Falkeid, trykk her for å finne rett kontaktperson.

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift