Cateringspesialisten Meny Aksdal = Sølvfalk!

I dag skreiv Meny Aksdal og Falkeid IL ny samarbeidsavtale, daglegvarebutikken og cateringspesialisten fortsett som Sølvfalk. Meny Aksdal har i mange år vert ein stor og viktig samarbeidspartner, og trass i at det er tøffe tider i bransjen, så vel dei å satse på Falkeid IL fordi dei ser at våre frivillige får utretta ein positiv skilnad for nærmiljøet. Les meir om kva kjøpmann Birge Nymark seier i høve signeringa.

Kjøpmann Birge Nymark, kva er dykkar motivasjon for å støtte det frivillige arbeidet i Falkeid?

Vår motivasjon for dette samarbeidet er vi vil bidra til levande bygder, og sør i Tysvær spelar Falkeid IL ei sentral rolle i dette arbeidet. I Falkeid IL er det utrulig mange dyktige frivillige som jobbar for klubben og lokalsamfunnet, og vi ønskjer å bidra til at Falkeid IL sine frivillige skal kunne forsette dette gode arbeidet.


Kva ønskjer de å ha attende for samarbeidet med Falkeid IL?

Vi ønskjer at de driv klubben godt og skapar gode aktivitetar for folk sør i Tysvær. Vi stiller oss svært positive til bygging av Falkeidhallen, og mogeligheitane dette gjev dykk til å kunne tilby eit meir variert aktvitetstilbod som kan kome fleire til gode. Samtidig, så ønskjer vi å vere ein godt synlege samarbeidspartner i klubben, spesielt i forhold til Meny Aksdal Catering.


Takk for praten, Birge. Vi skal sørge for at vår del av avtala vert godt ivaretatt, eg har stor tru på at mange av våre leigetakarar kjem til å velje Catering frå Meny Aksdal. Vidare, ser vi fram til vidare godt samarbeid og neste cateringleveranse frå Meny Aksdal, det smakar alltid fortreffelig!


Nyttige lenker:

Besøk www.menyaksdal.no

Les meir om Meny Aksdal Catering her!

Test ut nettbutikken til Meny Aksdal her!


Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 42908
Ubetalt antall: 152
Betalt beløp: 100900
Betalt antall: 339
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Veke 21 (21 - 25 mai)

Måndag: 2 Pinsedag.

Tysdag: 10- 15

Onsdag: 10- 15

Torsdag: 8- 13

Fredag: 10- 15

Veke 22 (28 mai - 3 juni)

Måndag: 10 - 15

Tysdag: 10 - 15

Onsdag: 13 - 18

Torsdag: 8- 13

Fredag: 10 - 15

Laurdag: Fri.

Sundag: KÅRSTØ CUP heile dagen

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift