Grasrottrenarkurs

Kurs man 26.febr og 1.mars i Sogndal

Til trenarar i Sogndal Fotball     Bilderesultat

Velkommen til delkurs 1, grasrottrenarkurs, mandag 26. ferbruar og torsdag 1. mars. 

Sogndal fotball ynskjer at alle trenarar og lagleiarar på alle nivå er skulerte for ferdigheitsutvikling i fotball. Dette vil gi dykk tryggleik i høve utøvinga av treningsarbeidet, men også påfyll til personleg utvikling. I tillegg til fagleg påfyll, ynskjer vi at dette skal vere ein sosial arena for utvikling av samhaldet i klubben og det å lære av kvarandre.  

Kurset er eit lågterskelkurs – alle kan, og bør, ta kurset. Målet er at det skal gi auka kompetanse og motivasjon.

Klubben arbeider mot å bli kvalitetsklubb, og ønskjer at alle trenerane kursar seg.  

Grasrottrenarkurset består av fire delkurs. Kursa treng ikkje bli tatt i rekkjefølgje, ein kan altså ta til dømes del 4 kurset før del 3 kurset. Kurset er i regi av NFF Sogn og Fjordane (fotballkrinsen).

 

Kurset vil bli lagt til ettermiddagane måndag 26. februar og torsdag 1. mars der det både er ein teoretisk del og ein praktisk del. Den teoretiske delen vil vera frå ca. 17.30-18.30, etterfølgt av ein praktisk del frå 18.30-ca. 21.00. Dei som melder seg på må ta eit e-kurs på førhånd (det tek ikkje så lang tid). Dette er for å redusere tal timar kurset tek for kursdeltakaren. 

 

Påmelding innan fredag 16 februar på mail til andrea_solbakken@hotmail.com

Skriv namn og korleis årskull du trenar J/G.

 

 

Mvh

Andrea Strand Solbakken, utdanningskontakt breiddestyret, Sogndal fotball