Velkommen til PayTec!

I går signerte vi ein ny samarbeidspartner, ønsk PayTec AS velkommen til Falkeid IL! Vi har i mange år hatt bankterminal frå PayTec, men nå frå 2018 er PayTec med som Falk i idrettslaget. Dagleg leiar Rune Hagland leverte førsteklasses service frå første sekund i form av at underteikna kom ut av møtet med ny og operativ bankterminal, samt signert avtale. I tillegg til bankterminal, leverer også verksemda kassasystem og kameraovervåking. Les meir i intervjuet med Rune under.

Kva tenester leverer de, og kven er kundane dykkar?

PayTec leverer bankterminalar, kassasystem og overvåkingstenestar. Våre kundar er alt frå mindre foretak, butikkar, restaurantar og større landsdekkande kjeder.

Vi brukar vår erfaring til å skreddarsy gode løysingar for våre kundar.


Kvifor ønskjer de å støtte det frivillige arbeidet for barn og unge i Falkeid IL?

Vi ønskjer å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår og sunne fritidsaktivitetar der dei bur. Og dette veit me at Falkeid er gode på, derfor er vi no med som Falk i idrettslaget. Me veit at gode idrettslege tilbod har redda mang ein ungdom frå å havne på skråplanet, og derfor synest me at det er viktig at bedrifter støttar opp om arbeid som jobbar aktivt med gode tilbod til ungdom.


Kva ønskjer de å ha igjen for samarbeidet?

Det vi ønskjer attende, er at dykk fortsett det gode arbeidet og at dykk profilelar oss etter avtale. Vidare, så ønskjer vi at medlemmer og andre samarbeidspartnerar av Falkeid, støttar opp om kvarandre. Slik at dei bedriftene som bidreg i breiddeidretten også skal støtte opp om kvarandre.


Takk for praten, Rune, vi ser fram til å ta i bruk den nye bankterminalen og for godt samarbeid i åra framover.


Har di bedrift behov for bankterminal, kassasystem eller kameraovervåking?

Ta kontakt med Rune Hagland på 907 72 390 eller rune@paytec.no for eit god tilbod!


Les meir om PayTec på deira nettsider paytec.no eller følg dei på Facebook

Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 37650
Ubetalt antall: 133
Betalt beløp: 108400
Betalt antall: 361
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Kontortid dagleg leiar:

Veke 33 (13-17 aug)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 16.30 - 21.30

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 9.30 - 14.30

Veke 34 (6-10 aug)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 9.30-14.30

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 13 - 18

Laurdag: Steinsvikrittet og Haugaland Kraft ungdomsritt

Sundag: Haugesunds Avis Barneritt

Jobbar redusert ut oktober

Spørsmål? Kontakt rett vedkommande i Falkeid, trykk her for å finne rett kontaktperson.

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift