Sterkt team rundt a-lag og rekruttlag i 2018

Etter ein svært god sesong der A-laget enda med 2 plass i 4. divisjon, ønskjer Trott å byggja vidare på den positive utviklinga laget har hatt dei siste åra.

Målsettinga for 2018 er at me skal bli betre enn i fjor, både som lag og i høve enkeltspelarar si utvikling. Me har ei fantastisk fin spelargruppe som fortener at me løftar nivået enno eit hakk. Me skal framleis vere ein miljøklubb og ha det kjekt på trening, men me skal bli tydlegare på rolletrening, spelemønster, spelarutvikling, betre på oppfølging av den einskilde, og eit tettare samarbeid mellom A-laget og rekruttgruppa.

Det er derfor ei glede å presentera det me meiner er eit svært sterkt team som skal leia dei to øvste laga til Trott, for sesongen 2018.  

Mh

Erling K. Grov

Sportsleg leiar i Trott

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift