Falkeid

Dugnad

Dugnad

Informasjonsskriv til medlemmer i Falkeid IL

 

Dette er eit informasjonsskriv til alle medlemmer i Falkeid IL, der vi informerer om kva faste dugnader vi har, og klubbens forventningar til våre medlemmer.

 

Kvifor har vi dugnad?

 

Falkeid IL har som alle andre idrettslag dugnad.  Dugnadar er heilt nødvendig for å få idrettslaget til å gå rundt. Dugnadar gjer det mogleg å få den daglege drifta til å gå rundt, og gjer det mogleg å utvikle Falkeid.  

 

Du har kanskje høyrt at Falkeid har mange pengar på bok  - og lurer på kvifor du må bruke fridagen din til å vere med på dugnad?  Dugnad gjort av deg, familien din, naboane dine og kollegane dine har ført Falkeid dit vi er i dag – med flott anlegg, eiget klubbhus og eit rikt aktivitetstilbod til medlemmane. No har vi moglegheit til å bygge ein fleirbrukshall med alle fordeler og moglegheiter det medfører. Dette store økonomiske løftet er mogleg etter mange år med iherdig innsats og stor dugnadsånd. Skal hallen bli vellukka og til glede for alle  - både bygginga og bruken av hallen  - så må vi stille opp for idrettslaget vårt.  Ikkje med meir dugnad enn før, men heller ikkje med mindre. 

 

Kva forventar vi av dykk medlemmar?

 

Kårstø cup, Steinsvikrittet, Haugesunds Avis Barneritt, Meny Aksdal Løpet og heimekampane til FK Haugesund er dei store arrangementa som sikrar Falkeid IL gode inntekter med ein forholdsvis lav dugnadsinnsats, viss klubbens medlemmer «trør til». Vi minner om at vi har ein av Haugalandets desidert billigaste medlemskontingent. For at dugnadskabalen skal gå opp, forventar vi derfor at alle foreldre stiller på dugnadane laget er sett opp på. Desse finn du på falkeid-idrettslag.no under toppfana Dugnad.

 

Kva skjer dersom du ikkje møter på dugnaden vi ber deg om? 

 

Ingenting med det aller første. På sikt kan det øydelegge veldig mykje. Mangelfull oppslutning vil minske inntektene og auke belastninga på dei som stiller opp. Når dei få må bære for dei mange knakar det i viljen og utholdet til den beste. Då er vegen kort til enno dårlegare oppslutning kring dugnadane våre. Grunnmuren under det levande idrettslaget og det rike idrettstilbodet til oss i søre Tysvær vil forvitre.  Ditt oppmøte på dugnaden handlar om kva bygder du vil ha, kva fritidstilbod borna dine skal ha og kva holdningar du vil overføre til borna dine.  Ditt oppmøte på dugnaden er ein fantastisk måte å ta ansvar for dette på. 

 

Eit detaljert skriv om dugnadane vil bli utlevert av trener/oppmann ved sesongstart og bes leverast tilbake til trener med underskrift. Dessa finn du også på vår heimeside.

 

Med vennleg helsing,

 

 

Styret i Falkeid IL

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift