Falkeid

Klubbens Lov

Klubbens Lov

 

Lov for Falkeid IL

Vedtatt av årsmøtet 25 januar 2016.

 

Stiftet 18. oktober 1963.

Godkjent av Rogaland idrettskrets 02. mars 2016.


Lovverk Falkeid IL

LOV FOR FALKEID IDRETTSLAG

(Vedteken av Idrettsstyret 22. oktober 2015)

 

Stifta 18 oktober 1963, med seinare endringar, vedteke av årsmøtet 25 januar 2016, godkjent av Rogaland Idrettskrets 02.03.2016.

 

I. INNLEIANDE REGLAR

 

§ 1 Formål

 

(1)        Idrettslaget sitt formål er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).

 

(2)        Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

 

§ 2 Organisasjon

 

(1)        Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemar.

 

(2)       Idrettslaget er medlem av det/dei særforbund som laget sitt årsmøte bestemmer.[1]

 

(3)        Idrettslaget er medlem av NIF gjennom Rogaland idrettskrins, høyrer heime i Tysvær kommune, og er medlem av Tysvær idrettsråd[2].

 

(4)        Idrettslaget skal følgje NIF og tilslutta organisasjonsledd sitt regelverk og vedtak. NIF sitt regelverk gjeld for idrettslaget uavhengig av kva som måtte stå i idrettslaget si eiga lov.

 

§ 3 Medlemar

 

(1)       For at ein person skal takast opp i idrettslaget må vedkomande: 

a)         akseptere å overhalde idrettslaget og overordna organisasjonsledd sitt

            regelverk og vedtak.    

b)         ha gjort opp eventuelle økonomiske forpliktingar til idrettslaget og andre organisasjonsledd i NIF.

 

(2)        Styret i idrettslaget kan i særlege tilfelle nekte ein person medlemskap. Før vedtak vert fatta, skal personen gjerast kjent med bakgrunnen for saka og får ein frist på to veker til å uttale seg. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve, og informere om høve til å klage. Vedtaket kan klagast på til idrettskrinsen innan tre veker etter at det er motteke. Klagen skal sendast til styret i idrettslaget, som eventuelt kan omgjere vedtaket. Om vedtaket står ved lag, skal klagen sendast til idrettskrinsen innan to veker.

 

(3)       Medlemskap i idrettslaget er først gyldig frå den dag kontingent er betalt.

 

(4)        Medlemen pliktar å overhalde NIF, tilslutta organisasjonsledd og idrettslaget sitt regelverk og vedtak.

 

(5)       Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når den er motteke.

 

(6)        Idrettslaget kan fråta medlemskap frå ein medlem som etter purring ikkje betalar fastsett medlemskontingent. Medlem som skuldar kontingent for to år, taper automatisk sitt medlemskap i idrettslaget og skal strykast frå laget si medlemsliste.

 

(7)        Styret i idrettslaget kan i særlege tilfelle fråta ein medlem medlemskapet for ein periode på inntil eitt år. Før vedtak vert fatta, skal vedkomande gjerast kjent med bakgrunnen for saka og få ein frist på to veker til å uttale seg. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve, og informere om høve til å klage.

 

(8)        Ved tap av medlemskap kan den saka gjeld kreve at vedtaket handsamast av ordinært/ekstraordinært årsmøte, og har rett til å vere til stade ved årsmøtet si handsaming av saka. Kravet må setjast fram innan ei veke etter at vedtaket er motteke, og årsmøtet må deretter haldast innan ein månad.

 

(9)        Ved tap av medlemskap kan vedtaket til idrettslaget klagast på til idrettskrinsen innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen skal sendast til idrettslaget sitt styre, som eventuelt kan gjere om vedtaket dersom det er fatta av styret sjølv. Oprettheld styret vedtaket , skal klagen sendast til idrettskrinsen innan to veker.  Idrettslaget sitt vedtak trer ikkje i kraft før klagefristen er gått ut, eventuelt når klagesaka er avgjort.

 

(10)      Idrettslaget skal føre elektroniske medlemslister i idretten sine nasjonale medlemsregister i tråd med forskrift gitt av Idrettsstyret.

 

§ 4 Medlemskontingent og avgifter

 

Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet.[3] Andre avgifter/eigendelar kan krevjast for deltaking i idrettslaget sitt aktivitetstilbod.

 

 

II. TILLITSVALTE OG TILSETTE

 

§ 5 Kjønnsfordeling

 

(1)        Ved val/oppnemning av styre, råd, utval/komité mv. og ved representasjon til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd, skal begge kjønn vere representert. Samansetjinga skal samsvare i høve til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel slik at ved val/oppnemning av meir enn tre personar, skal det veljast/oppnemnast minst to personar frå kvart kjønn. Regelen gjeld og der det blir valt meir enn eitt varamedlem. Tilsette sin representant tel ikkje med ved utrekning av kjønnsfordelinga.
 

(2)        Ved val/oppnemning til styre, råd, utval/komité mv. i strid med regelen, skal styret innan ein månad etter årsmøtet sende ut innkalling til ekstraordinært årsmøte der nytt val vert gjort. Eksisterande medlemar i det aktuelle styret, komitéen mv. vert sitjande til nytt styre, komité mv. er valt/oppnemnt.

           

(3)        Idrettskrinsen kan påleggje idrettslaget å oppfylle regelen, m.a. med innkalling til nytt årsmøte eller foreta ny oppnemning.

 

(4)        Idrettskrinsen kan, når det ligg føre særlege tilfelle, gje dispensasjon frå denne regelen. Det skal så langt det er mogleg søkast om dispensasjon i forkant. Søknad om dispensasjon må vere sendt til idrettskretsen innan 14 dagar etter årsmøtet. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein valperiode/oppnemning kvar gong.

 

§ 6 Generelle reglar om stemmerett, kven som kan veljast, forslagsrett mv.

 

(1)        For å ha stemmerett og kunne veljast må ein vere fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad og ha oppfylt medlemskrava, jf. § 3 (1). Det same gjeld der ein person skal oppnemnast som representant til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd. Ingen kan møte eller stemme ved fullmakt, jf. § 16.

 

(2)        Ein medlem som er arbeidstakar i eller har oppdragsavtale med idrettslaget, jf. § 7 (3), har ikkje stemmerett på idrettslaget sitt årsmøte. Dette gjeld ikkje for spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i laget.

 

(3)        Ein medlem kan ikkje samtidig ha meir enn eit av følgjande verv i idrettslaget: medlem av styret, valkomité, kontrollkomité, lovutval, revisor.

  

(4)        Ein medlem kan ikkje ha tillitsverv knytta til same idrett i fleire idrettslag som deltek i same konkurranse. 

 

(5)       Forslagsrett:

a)         Ein medlem har forslagsrett til og på årsmøtet i idrettslaget.

b)        Styret i idrettslaget har forslagsrett til og på årsmøtet i idrettslaget

c)         Eit idrettslag har forslagsrett til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd, og laget sin(e) representant(ar) har forslagsrett på dette årsmøtet/tinget.

d)         Ein komité/utval har forslagsrett til årsmøtet i saker som ligg innanfor komitéen/utvalet sitt arbeidsområde, og komitéen/utvalet sin(e) representant(ar) har forslagsrett på årsmøtet innanfor komitéen/utvalet sitt arbeidsområde.

e)         Ein medlem under 15 år har forslagsrett til og på årsmøtet.

 

(6)       Talerett:[4]

Representant frå overordna organisasjonsledd har talerett på årsmøtet i idrettslaget.

 

§ 7 Representasjonsrett og vilkår for val av arbeidstakar og oppdragstakar

 

(1)        Ein arbeidstakar i idrettslaget kan ikkje veljast til styre, råd, utval/komité mv. i idrettslaget eller overordna organisasjonsledd. Tillitsvalt som får relevant tilsetjing, pliktar å gå ut av tillitsvervet ved tiltreding av stillinga, og kan ikkje gå inn att før tilsetjingstilhøvet er avslutta.

(2)        Ein arbeidstaker i idrettslaget kan ikkje veljast eller oppnemnast som representant til årsmøte/ting eller leiarmøte i overordna organisasjonsledd. Det kan heller ikkje veljast eller oppnemnast representant som er arbeidstakar i det organisasjonsledd representasjonen skjer. 

 

(3)        Regelen vert brukt tilsvarande på ein medlem som har oppdragsavtale som kan samanliknast med eit tilsetjingstilhøve.

 

(4)        Regelen gjeld ikkje for arbeidstakar som er spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i idrettslaget, og er ikkje til hinder for at idrettslaget gjev dei tilsette rett til å utpeike tilsettrepresentant(ar) til idrettslaget sitt styre.

 

(5)        Ein person som er valt eller oppnemnt i strid med regelen vert ikkje sett på som valt eller oppnemnt.

 

(6)        Idrettskrinsen kan, når det ligg føre særlege tilfelle, gi dispensasjon frå denne regelen. Det skal så langt det er mogleg søkast om dispensasjon i forkant. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein valperiode/oppnemning av gongen.

 

§ 8 Representasjonsrett og vilkår for val for andre personar med tilknyting til idrettslaget

 

(1)        Ein medlem som har ein avtale med idrettslaget som gjev vedkomande ei økonomisk interesse i drifta av idrettslaget, kan ikkje veljast til verv i styre, råd, utval/komité mv. innan idrettslaget eller overordna organisasjonsledd. Det same gjeld styremedlem, tilsett, eller aksjonær med vesentleg innverknad i ein juridisk person som har slik avtale som nemnt i første setning. Avgrensinga gjeld ikkje for styremedlem oppnemnt av idrettslaget. Tillitsvalt som får ein slik avtale, styreverv, tilsetjing eller eigardel, pliktar å gå ut av tillitsvervet ved tiltreding av stillinga, og kan ikkje gå inn att før tilsettingshøvet er avslutta.

 

(2)        Person som etter første ledd ikkje kan veljast, kan heller ikkje veljast eller oppnemnast som representant til årsmøte/ting eller leiarmøte i overordna organisasjonsledd. Det kan heller ikkje veljast eller oppnemnast representant med tilsvarande tilknyting til det organisasjonsledd representasjonen skjer.

 (3)       Ein person som er valt eller oppnemnt i strid med regelen blir ikkje sett på som valt eller oppnemnt.

       

(4)        Idrettskrinsen kan, ved særskilde høve, gi dispensasjon frå denne regelen. Det skal så langt det er mogleg søkast om dispensasjon i forkant. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein valperiode/oppnemning kvar gong.

 

§ 9 Inhabilitet

 

(1)       Ein tillitsvalt, oppnemnt representant eller tilsett i idrettslaget er inhabil til å         legge til rette grunnlaget for ei avgjerd eller til å treffe avgjerda:

a)         når vedkomande sjølv er part i saka,

b)         når vedkomande er i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken,

c)         når vedkomande er eller har vore gift med eller er forlova eller sambuar med ein part,

d)         når vedkomande er leiar eller har leiande stilling i, eller er medlem av styret i eit organisasjonsledd eller annan juridisk person som er part i saka.

 

(2)        Vedkomande er og inhabil når andre særskilde høve ligg føre som er eigna til å svekke tilliten til om vedkomande er upartisk; mellom anna skal det leggjast vekt på om avgjerda i saka kan gje særleg fordel, tap eller ulempe for vedkomande sjølv eller nokon som vedkomande har nær personleg tilknyting til. Det skal også leggjast vekt på om inhabilitetsmotsegn er reist av ein part.   

 

(3)        Er ein overordna inhabil, kan avgjerd i saka heller ikkje treffast av direkte underordna i idrettslaget.

 

(4)        Inhabilitetsreglane skal ikkje brukast dersom det er innlysande at den tillitsvalte, oppnemnde representanten eller tilsette si tilknyting til saka eller partane ikkje vil kunne påverke vedkomande sitt standpunkt og idrettslege interesser ikkje tilseier at vedkomande bør vike sete.

      

(5)        Med part er det her meint person, medrekna juridisk person, som ei avgjerd rettar seg mot eller som saka elles direkte gjeld.

 

(6)        I styre, komitéar og utval tek organet sjølv avgjerd, utan at vedkomande medlem deltek. Kjem det i ei og same sak opp spørsmål om inhabilitet for fleire medlemer, kan ingen av dei delta ved avgjerda av sin eigen eller ein annan medlem sin habilitet, med mindre organet elles ikkje ville vore vedtaksført i spørsmålet. I sistnemnde tilfelle skal alle møtande medlemer delta. Medlemen skal i god tid seie frå om forhold som gjer eller kan gjere vedkomande inhabil. Før spørsmålet vert avgjort, bør varamedlem eller annan person som kan tre inn i staden for, bli kalla inn til å møte og delta i avgjerda, dersom dette kan gjerast utan vesentleg bruk av tid eller kostnad.

 

(7)        Ved andre tilfelle tek vedkomande sjølv avgjerda om vedkomande er inhabil. Dersom ein part krev det og det kan gjerast utan vesentleg ekstra bruk av tid, eller vedkomande elles finn grunn til det, skal vedkomande sjølv leggje fram spørsmålet for sin næraste overordna til avgjerd.

 

(8)       Regelen gjeld ikkje på årsmøtet i idrettslaget.

 

§ 10 Krav til vedtak, fleirtalskrav og protokoll

 

(1)        Når ikkje anna er bestemt, er styre, komitéar og utval i idrettslaget vedtaksføre når eit fleirtal av medlemane er til stades. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei gjevne stemmene. Ved likt stemmetal er møteleiar si stemme avgjerande.

 

(2)        Vedtak kan fattast ved skriftleg sakshandsaming[5] eller ved fjernmøte[6]. Ved skriftleg sakshandsaming skal kopiar av dokument i saka sendast samtidig til alle medlemar med forslag til vedtak. Gyldig vedtak krev at fleirtalet av medlemane gjev sin tilslutnad til det framlagde forslaget, og til at dette vert gjort etter skriftleg sakshandsaming. Ved fjernmøte skal alle møtedeltakarne kunne høyre og kommunisere med kvarandre.

             

(3)       Det skal førast protokoll frå styremøta.

 

§ 11 Refusjon av utgifter til tillitsvalte. Godtgjersle

 

(1)        Tillitsvalt kan motta refusjon for nødvendige, faktiske utgifter som vedkomande får i samband med utføring av vervet.

 

(2)       Tillitsvalt kan motta ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt.

(3)        Godtgjersle til styret og dagleg leiar skal kome klart fram i vedteke budsjett og rekneskap.

 

III. ØKONOMI

 

§ 12 Rekneskap, revisjon, budsjett mv.

 

(1)        Idrettslaget er rekneskaps- og revisjonspliktig. Rekneskapsåret skal følgje kalendaråret.[7]

 

(2)        Dersom idrettslaget har ein årleg omsetnad på mindre enn kr 5 millionar, skal laget følgje NIF sine rekneskaps- og revisjonsreglar, men kan, etter vedtak av styret, velje å følgje rekneskapslova. Dersom idrettslaget har ein årleg omsetnad på kr 5 millionar eller meir, skal laget følgje rekneskapslova og revisorlova, og skal alltid engasjere statsautorisert/registrert revisor uavhengig av kva som følgjer av desse lovene. Alle organisasjonsledd som har engasjert revisor skal velje ein kontrollkomité med minst to medlemar. Kontrollkomitéen sine oppgåver følgjer av NIF si lov § 2-12.

 

(3)        Bankkonti skal vere knytt til idrettslaget og skal disponerast av to personar i fellesskap. Underslagforsikring skal vere teikna for dei som disponerer.

 

(4)        På årsmøtet skal det fastsetjast eit budsjett som inneheld alle hovudpostar i resultatrekneskapen. Rekneskap og budsjett for idrettslag som er organisert med grupper/avdelingar, skal også omfatte rekneskapa og budsjetta for gruppene/avdelingane. Budsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal ikkje vise underskot med mindre det vert dekt av positiv eigenkapital. Det vedteke budsjettet bør kome fram i ei eiga kolonne når årsrekneskapet vert lagt fram.

 

(5)        Årsrekneskap og årsmelding skal underskrivast av samtlege styremedlemar. Har idrettslaget dagleg leiar skal også vedkomande signere.

 

(6)        Idrettslaget kan ikkje gje lån eller stille garantiar for lån dersom ikkje lånet eller garantien har sikring med trygg pant eller annan fullgod sikring. Sikring for lån og garantiar skal opplysast i note til årsoppgjeret.

 

(7)        Disposisjonar, også låneopptak, av ekstraordinær karakter eller vesentleg omfang i høve til idrettslaget sin storleik eller verksemd, kan berre vedtakast av årsmøtet.

 

 

IV. ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL MV.

 

§ 13 Årsmøtet

 

(1)        Årsmøtet er idrettslaget sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år innan utgangen av mars månad[8].

 

(2)        Styret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand direkte til medlemane, eventuelt på annan forsvarleg måte, og/eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside. Innkallinga kan vise til at saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg på idrettslaget si internettside eller på annan forsvarleg måte. I så fall skal det gå fram at dokumenta vil bli gjort tilgjengelege seinast ei veke før årsmøtet. Forslag som skal handsamast på årsmøtet, må vere sendt til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag til årsmøtet må vere gjort tilgjengeleg seinast ei veke før årsmøtet.

 

(3)        Ved innkalling i strid med regelen, avgjer årsmøtet høvesvis ved godkjenning av innkalling og godkjenning av saklista, om årsmøtet er lovleg innkalla og om det er saker som ikkje kan handsamast.

 

(4)        Alle medlemene til idrettslaget har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemar.

 

(5)        Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemar med stemmerett som minst svarar til talet på styremedlemar vedteke i idrettslaget si lov. Er ikkje årsmøtet  vedtaksført, kan det bli kalla inn til årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.

 

(6)        På årsmøtet kan det ikkje handsamast framlegg om endring i lov eller reglar som ikkje er ført opp på den saklista som er gjort tilgjengeleg eller sendt ut. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei frammøtte med stemmerett på årsmøtet vedtek det ved godkjenning av saklista.

 

§ 14 Leiing av årsmøtet

 

Årsmøtet vert leia av valt dirigent. Dirigent eller valt referent treng ikkje vere medlem. Det kan veljast fleire dirigentar og referentar.

 

§ 15 Årsmøtet sine oppgåver

 

Årsmøtet skal[9]:

 

1. Godkjenne dei som har stemmerett.

2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane.

3. Velje dirigent, referent, og to medlemar til å skrive under protokollen.

4. Handsame idrettslaget si årsmelding, inkludert eventuelle gruppeårsmeldingar.

5. Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand.

6. Handsame forslag og saker.                                                                                                                               

7. Fastsetje medlemskontingent på minst kr 100, og treningsavgift, eller gi gruppestyra fullmakt til å fastsette treningsavgift for gruppa si aktivitet.[10]

8. Vedta idrettslaget sitt budsjett.

9. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan.[11]

10. Gjere følgjande val:[12]

  1. Leiar og nestleiar
  2. 3 styremedlem og 1 varamedlem[13]
  3. Andre val i høve til vedteken organisasjonsplan, jf. pkt. 9.
  4. To revisorar.[14]
  5. Representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda som idrettslaget har representasjonsrett eller gje styret fullmakt til å oppnemne representantane.
  6. Valkomité med leiar, to medlemar og eitt varamedlem.

 

Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemane skal veljast samla. Deretter skal varamedlemane veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjort i høve til stemmetala.

 

§ 16 Stemmegjeving på årsmøtet

 

(1)        Med mindre noko anna er fastlagt i denne lova, skal eit vedtak, for å vere gyldig, vere gjort med vanleg fleirtal av dei avgjevne stemmene. Ingen representant har meir enn ei stemme. Ingen kan møte eller stemme ved fullmakt. Blanke stemmer skal reknast som ikkje avgjevne.

 

(2)        Val skal vere skriftleg dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg eller det vert fremja krav om det. Dersom det skal vere skriftleg val, kan berre føreslegne kandidatar førast opp på stemmesetelen. Stemmesetler som er blanke, eller som inneheld kandidatar som ikkje er føreslegne, eller ikkje har det tal det skal stemmast over, tel ikkje, og stemmene skal reknast som ikkje avgjevne.

 

(3)        Når eit val vert halde enkeltvis og ingen kandidat oppnår meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene, skal det vere omval mellom dei to kandidatane som har fått flest stemmer. Står nokon likt etter omvalet, vert det avgjort ved loddtrekking.

 

(4)        Når fleire skal veljast ved ei røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene for å vere valt. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlem. Om ikkje mange nok kandidatar får dette i første omgang, er det berre dei som har fått meir enn halvparten av stemmene som er valde. Det vert så omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er dei valde som har fått flest stemmer. Står nokon likt etter omvalet, vert dette avgjort ved loddtrekking.

 

§ 17 Ekstraordinært årsmøte

 

(1)        Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget vert kalla inn av idrettslaget sitt styre minst 14 dagar på førehand etter:

 

a) Vedtak av årsmøtet i idrettslaget.

b) Vedtak av styret i idrettslaget.

c) Vedtak av styre eller årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd.

d) Skriftleg krav frå 1/3 av dei medlemane i idrettslaget som har stemmerett.

 

(2)        Ekstraordinært årsmøte vert kalla inn direkte til medlemane, eventuelt på anna forsvarleg måte medrekna ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside. Saklista og andre nødvendige dokument skal følgje vedlagt innkallinga eller vere gjort tilgjengeleg på idrettslaget si internettside eller annan forsvarleg måte. I sistnemnte tilfelle skal det gå fram av innkallinga at saksdokumenta er gjort tilgjengeleg på annan måte, og dokumenta skal vere gjort tilgjengelege på innkallingstidspunktet.

 

(3)        Ekstraordinært årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemar med stemmerett som minst svarar til talet på styremedlemar vedteke i idrettslaget si lov. Dersom det ekstraordinære årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det kallast inn til årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.

 

(4)        Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget skal berre handsame dei sakene som er med i vedtaket eller i kravet om innkalling av det ekstraordinære årsmøtet.

 

(5)        Ved innkalling i strid med regelen, avgjer det ekstraordinære årsmøtet høvesvis ved godkjenning av innkalling og godkjenning av saklisten, om det ekstraordinære årsmøtet er lovleg kalla inn og om det er saker som ikkje kan handsamast.

 

 

§ 18 Idrettslaget sitt styre

 

(1)        Idrettslaget vert leia og forplikta av styret, som er idrettslaget sitt høgste styringsorgan[15] mellom årsmøta.

 

(2)       Styret skal m.a.:

a)         Setje i verk årsmøtet og overordna organisasjonsledd sitt regelverk og sine vedtak.

b)         Sjå til at idrettslaget sine midlar vert brukt og forvalta på ein forsiktig måte i samsvar med dei vedtak som er fatta på årsmøtet eller i overordna organisasjonsledd, og sørgje for at idrettslaget har ein tilfredsstillande organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen og har forsvarleg økonomistyring.

c)         Etter behov oppnemne komitéar/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeide mandat/instruks for desse.

d)        Representere idrettslaget utetter.

e)         Oppnemne ansvarleg for politiattestordninga.[16]

f)         Oppnemne ein ansvarleg (tillitsvalt eller tilsett) for barneidretten[17].

 

(3)        Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller minst to av styremedlemane krev det.

 

§ 19 Grupper og komitéar

 

(1)        Valkomitéen vert valt på årsmøtet på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret, og skal leggje fram innstilling på kandidatar til alle andre tillitsverv som skal veljast på årsmøtet. Medlem av valkomité som sjølv vert kandidat til verv, pliktar å tre ut av valkomitéen.

 

(2)        Idrettslaget sitt årsmøte kan vedta å opprette og nedlegge grupper, og korleis desse skal organiserast og leiast. Avgjerda om dette vert gjort i samband med årleg handsaming av idrettslaget sin organisasjonsplan, jf. § 15 pkt. 9.

 

(3)        Dersom laget sitt årsmøte ved handsaming av organisasjonsplanen har vedteke å opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande:

  1. Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemar. Gruppestyret vert valt på årsmøtet. Gruppa foreslår kandidatar til gruppestyret til valkomitéen. Eventuelt kan årsmøtet gje hovudstyret fullmakt til å oppnemne gruppestyre etter forslag på kandidatar frå gruppa.
  2. Gruppa held eit årleg møte før årsmøtet i idrettslaget. Hovudstyret fastset ein siste frist for det årlege møtet. Møtet vert kalla inn av gruppestyret med frist på minst ei veke.
  3. Det årlege møtet skal:
    1. Handsame rekneskap.
    2. Handsame gruppa si årsmelding.
    3. Fastsette budsjett.
    4. Fastsette eventuell årleg treningsavgift, jf.§ 15 nr. 7.
    5. Fremje innspel til årsplan for gruppa sine aktivitetar til hovudstyret.
  4. Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre anna er vedteke av årsmøtet.
  5. Grupper kan ikkje inngå avtalar eller representere idrettslaget utetter utan godkjenning frå hovudstyret, jf. § 18.

 

 

V. ANDRE REGLAR

 

§ 20 Allmenne disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker og dopingsaker

 

For allmenne disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker og dopingsaker gjeld NIF si lov kapittel 11 og 12.

 

§ 21 Lovendring

 

(1)        Lovendring kan berre vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte i idrettslaget etter å ha vore ført opp på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmene.

 

(2)        Lovendringar som følgje av endringar i NIF si lov, trer i kraft straks. Lovendringar vedtekne av idrettslaget sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjent av idrettskrinsen. Godkjenninga er avgrensa til dei reglane som NIF si lov omfattar.

 

(3)        I samband med godkjenninga kan idrettskrinsen påleggje nødvendig endring for å unngå motstrid med NIF sitt regelverk.

 

(4)        Endring i §§ 21 og 22 kan ikkje vedtakast av idrettslaget sjølv med mindre endringane følgjer av NIF sitt regelverk eller lovnorm.

 

 § 22 Oppløysing. Samanslåing. Anna opphøyr

 

(1)        Forslag om oppløysing av idrettslaget må først handsamast på ordinært årsmøte. Blir oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte tre månader seinare. For at oppløysing skal skje må vedtaket også her gjerast med 2/3 fleirtal.

 

(2)        Samanslåing med andre idrettslag vert ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar knytt til dette skal gjerast i samsvar med vedtektene om lovendring, jf. § 21.

                                                                                

(3)        Ved oppløysing eller anna opphøyr av idrettslaget går laget sine overskytande midlar etter avvikling til eit føremål godkjent av idrettskrinsen. Melding om at idrettslaget skal oppløysast, skal sendast til idrettskrinsen 14 dagar før idrettslaget held sitt ordinære årsmøte for handsaming av saka.

 

[1] Idrettslaget må vere medlem av det/dei særforbund som organiserer idretten/idrettane laget driv, med mindre laget berre driv mosjonsidrett som ikkje er organisert av eit særforbund i NIF, jf. NIF si lov § 10-1. Dette skal kome fram av idrettslaget sin organisasjonsplan som vert vedteke av årsmøtet. Det er også årsmøtet som vedtek innmelding/utmelding i det/dei aktuelle særforbund.

[2] Idrettslag kan berre vere medlem av eitt idrettsråd. Dersom idrettslaget sitt naturlege område strekkjer seg over meir enn ein kommune, avgjer idrettslaget sitt årsmøte kva idrettsråd det høyrer til.

[3] Idrettslaget kan innføre ulike kontingentkategoriar (t.d. for familiar, pensjonistar, studentar). Kontingenten må vere på minst kr 100 per medlem. Årsmøtet kan vedta at æresmedlemar skal vere friteke for betaling av kontingent.

[4] Årsmøtet kan også vedta å gje talerett til andre personar. Dersom idrettslaget har engasjert revisor, må følgjande punkt leggast inn i (6): «Engasjert revisor har talerett på årsmøtet i saker som ligg innanfor sitt arbeidsområde.»

[5] Til dømes per e-post.

[6] Til dømes møte per telefon/videokonferanse.

[7] Idrettsstyret kan, når det ligg føre særlege tilhøve, gje dispensasjon til å nytte avvikande rekneskapsår.

[8] Vedtak om årsmøte innan mars månad er fastsett av Idrettsstyret, jf. NIF si lov § 2-11 (8) siste setning.

[9] Dersom saklista ikkje vert fullført, kan det kallast inn til framhaldande årsmøte. Slik innkalling skjer på tilsvarande måte som for ordinært årsmøte, men eventuelt med kortare frist godkjent av årsmøtet. Framhaldande årsmøte kan berre handsame saker som var med i godkjent sakliste for årsmøtet.

[10] Årsmøtet kan fastsette ei øvre grense på storleik på treningsavgifta.

[11] Organisasjonsplanen skal regulere den interne organiseringa og aktiviteten i idrettslaget.

[12] Dette er minimum av dei tillitsvalte som skal veljast på årsmøtet. Årsmøtet kan i tillegg velje andre tillitsvalte det er behov for.

[13] Idrettslaget kan velje om styremedlemar skal veljast for eitt eller to år av gongen. Tal styremedlemar og varamedlemar må fyllast ut ved vedtak av loven, minimum eitt styremedlem og eitt varamedlem. Styremedlemar kan veljast til spesifikke oppgåver.

[14] Idrettslag med årleg omsetnad på kr 5 millionar eller meir pliktar å ha engasjert revisor, og må ta inn følgjande som nytt punkt 10: «Engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettslaget sin rekneskap.»  Punkt 10 må forskyvast til nytt punkt 11 og nytt punkt 11 bokstav d) endrast til: «Kontrollkomité med minst to medlemar.»

[15] Hovudstyret leiar og forpliktar laget. Dette tilseier at det er hovudstyret som kan gjere tilsetjingar og inngå evt. andre avtalar som forpliktar idrettslaget juridisk. Hovudstyret kan likevel gjennom særskild instruks eller vedtak gje idrettslaget sine grein-/gruppestyre fullmakt til å forplikte laget innanfor rammene for instruksen/vedtaket.

[16] Gjeld for idrettslag som organiserer aktivitet for mindreårige og/eller personar med utviklingshemming.

[17] Gjeld for idrettslag som organiserer aktivitet for barn til og med fylte 12 år.

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products