Falkeid

Nøkkel til klubbhuset

Nøkkel til klubbhuset

I byrjinga av 2016 skifta vi ut låssystemet på klubbhustet (alle ytterdører og kontordør), no må du ha ei lita svart nøkkelbrikke for å komme deg inn i klubbhustet.

Dette var fordi det var mange nøklar på avveie, og systemet vart dermed uråd å følge opp. Med det nye systemet er det lettare å halde systemet oppdatert, fordi alle brukarar er lagra digitalt og at systemet kan fjærnstyrast.

 

Kven får nøkkelbrikke?

Alle som har verv i Falkeid IL og i den anledning treng nøkkelbrikke til klubbhuset vårt, skal få dette kostnadsfritt. Men dersom man av ein eller anna grunn mister eller øydelegg brikka, så kan ein kjøpe seg ei ny brikke til 100 kroner. 

 

Kvar leverer eg brikka når eg trer ut av eit verv?

Då leverer du brikka til dagleg leiar, nokon i styret, eller så legg du den i postklassa ved parkeringsplassen.

 

Kvar kan eg hente meg ei nøkkelbrikke?

Dersom du treng nøkkelbrikke er det berre å svinge innom kontoret til dagleg leiar i hans kontortid, så ordnar han brikke til deg medan du ventar.

 

Kjem eg meg inn alle dører?

Nei, det er berre eit fåtal personar som har tilgang til alle dørene.

Eksempelvis, så har trenarar tilgang til ballrom, garderober og kiosk/sosialrom nede. Ved behov for fleire tilgangar, så kan dette ordnast av support i tidsrommet det er snakk om.

 

Teknisk support

Dagleg leiar (i kontortid)

post@falkeid-idrettslag.no    

 

Einar Magne Storhaug (dersom det hastar og du ikkje kan vente på svar frå dagleg leiar)

einar.magne@hotmail.com

957 38 288

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products