Trott

Forsikring

Forsikring

Fotballforsikring

Info om NFFs fotballforsikring og Idrettens Skadetelefon.

www.fotball.no/nff/fotballforsikring

Her finn du forsikringsvilkår og bestemmelsar for fotballskader. Samt elektronisk skaderegistrerings skjema, og telefonnr. til skadetelefonen.
Alle skader skal meldast til skadetelefonen straks skade oppstår.

Dersom du får  spørsmål om klubbnr. Er Trott IL sitt klubbnummer. 12210019

INFORMASJON SKADER OG FORSIKRING

Alle klubbens spelarar er forsikra gjennom klubben og vert betalt av klubben.

Opp til 13 år:

Spelarar  under 13 år er dekka av Norges Idrettsforbund sin Barneidrettsforsikring.
Under NIFs Barneidrettsforsikring er spelarane dekka ved/i  organisert aktivitet i idrettslag som er medlem av Norges Idrettsforbund.

Frå 13 – 19 år:

Spelarar som har fylt 13 år må vera registrert i FIKS som aktive med lagsforsikring for å vera dekka av forsikringsordninga.

Seniorspelarar:

Seniorspelarar er og forsikra lagvis, og klubben betaler forsikringsavgift pr. deltakande lag i seriesystemet for dei lag me har påmeldt.
Seniorspelarane må og vera registrert i FIKS for at forsikringa skal vera gyldig.

Det er Fotballgruppa sitt ansvar at alle spelarar er registrert som aktive med lagsforsikring i FIKS.
Derfor er det svært viktig at trenar/lagleiar oppdaterer laglistene på heimesida

Utvida forsikring:

I tillegg til desse grunnforsikringane tilbyr Fotballforsikringa en utvida forsikring som gjer det lettare å få rask behandling ved skader.
Dette er ein forsikring so den enkelte spelar kan teikna sjølv, men det er Fotballgruppa sitt ansvar å informera om dette tilbodet til alle sine aktive spelarar,
trenarar  og lagleiarar framfor kvar sesong.

Utvida forsikring kan bestillast her: https://fotball.formstack.com/forms/utvidet_fotballforsikring

Ved skade:

Ved skade må ein straks ta  kontakt med skadetelefonen: tlf. 02033, og du vil få rettleiing og hjelp vidare. Telefonen er betjent av helsearbeidarar til kl. 20.00.

Etterpå MÅ skade meldast inn til forsikringsselskapet så snart som mogeleg. Dette gjer ein med å fylla ut skjema som man finn på www.fotball.no/nff/fotballforsikring

Direkte link
https://www.gjensidige.no/privat/meld-skade/fotballskade

Dette må gjerast av spelaren/føresette ved bruk av Min ID.

Viktig informasjon å kjenna til ved innmelding av skade er fylgjande:

Klubbnummer:

Trott IL sitt klubbnummer er 12210019

Idrettsnummer:

Dette er eit (delvis) unikt nummer for spelarane. Nummeret inneheld 10 teikn og inneheld Kjønn (1 tegn) – fødselsdato (6 tegn) - starten på fornamnet (3 tegn).

Ta kontakt med Fiks Ansvarleg.

Skadeførebyggjande tiltak:

Me vil anbefala alle trenarar, lagleiarar og spelarar å bruka øvingar for skadeførebyggjande tiltak. Hjelp og rådgiving finn ein på heimesida skadefri.no. Sjå link nedanfor.

http://www.klokavskade.no/no/Skadefri/Fotball/

 Andre spørsmål:

Alle andre spørsmål om fotballforsikringa får du svar på ved å ringa Idrettens Skadetelefon på 02033.

Trott IL
Postboks 790, 5404 STORD
trott@sklbb.no

Ansvarlig Web redaktør: Geir E Aga

Bankkonto 3520.07.19237

Flest mogeleg lengst mogeleg

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift