Bremnes IL

Rekruttering oppstart

Rekruttering oppstart

Rekruttering/oppstart i barnefotballen i Bremnes IL

 

Innleiing

Bremnes IL starter med kamp tilbod til alle ungar som høyrer til Bremnes når dei er 7 år. Treningstilbodet starter ved skule start når dei er 6 år. Da er muligheit å gi ungane eit kamp tilbod på hausten ved å delta på ein cup. Da bør vere ein med egen 6 års klasse.

Viss det er problem å få nok ungar til å stille lag, eller å dele opp i jente- og gutelag kan enn prøve å få med nokon frå årsklassen under.

Rekruttering

Barnefotball ansvarlig tar kontakt med krinskontaktar før skulen begynner. Da viktigaste i denne perioden er å skaffe trenarar. Ein prøver å få klasselister (ta kontakt med nokon foreldre, skulen deler normalt ikkje ut lister) og ta kontakt med aktuelle trenerar. Rekrutter så mange som mulig, og få ein som har hovudansvar. Krinskontakten hjelper til i oppstartinga, men overlat mest mogleg til trenerane så dei kjem i gong. Husk å få dei til å levere politiattest.

Få oppretta heimeside for laga og ta denne i bruk frå starten av. Krinskontakten hjelper trenarane i gong med dette.

Krinskontakten hjelper til med å skaffe treningstid ein gong i veka. Del ut informasjonsskiv der ein informerer om kva tid det er oppstart og kva barnefotball i BIL er for noko. Desse finner enn på heimasida. For ein del er dette heilt ukjent. Tenk på å få med både jenter og gutar. Ungane skal ha minst ein forelder med første gong.

Ta kontakt med kontaktlærar som deler ut skriva på skulen.

Oppstart

Krinskontakt eller eventuelt barnefotball ansvarlig skal vera med på første treninga. Ein starter med å samle ungane. Alle får sei kva dei heiter, og lederane fortelje kva fotball aktiviteten går ut på og kva som blir forventa av ungane.

Etterpå organiserer nokon av trenarane aktivitet for ungane, mens hovudtrenar og krinskontakt informerer foreldra. Del ut eit skjema som foreldra fyller ut med alle opplysningar administrasjonen trenger for å registrere ungen og tillatelse til å publisere bilder (tidligere «samtykkje eklæring»). Skjemaet er tilgjengelig på heimasida.

Prøv å få fleire foreldre med rundt laget. Ta kontakt direkte med ein og ein. Spørsmål om å vera med i plenum gir som regel dårleg resultat.

Prøv å oppnå god kontakt med foreldra frå starten av så terskelen for å komme med spørsmål er lav. Pass spesielt på innvandrar foreldre. Ta direkte kontakt å høyr om dei har spørsmål.

Da er stor forskjell på modenhet, fysisk utvikling og interesse når dei er 6 år. Nokon har spelt mykje fotball, gjerne med eldre søsken. Andre har ikkje rørt ein ball. Utviklinga skjer i steg og ujevnt. Da viktigaste å huska er: Det er ikkje mogleg å sjå kven som er den beste 16 åringen når ungane er 6 år!

Ta vare på alle.

Bremnes Idrettslag
Idrettsveien 87, 5430 Bremnes

bil@bremnesil.no - Telefon 53421666

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift