Falkeid

Kompistiltak i 2017

Kompistiltak i 2017

5.1 Kompismidlar til alle lag

Falkeid IL gjev kvart lag årleg pengemidlar til å lage til sosiale hendingar og tiltak kvart år. Vi oppmodar alle lagleiarar/trenarar om å stelle i stand minst 2 kveldar i året med laget sitt. Kor mykje dette er snakk om pr spelar, kan du finne på heimesida vår under Hjelpemiddel> Kompismidler. Klubbhuset er til disposisjon for alle lag, til slike kveldar og gjerne til overnatting.

 

5.2 Kompiskaptein på trening og i kamp

Kompis kaptein på trening og i kamp er at alle lag skal kvar trening ha ein spelar som har på seg eit Fair Play-kapteinsbind. Denne spelaren er saman med trenaren/trenarane ansvarlege for at kompisreglane (pnkt. 5.4) i laget vert overheldt og at alle har det bra på trening. I barnefotballen og handballen, tek spelaren med seg kapteinsbindet inn i kamp, den veka han/ho er Kompiskaptein.

 

5.3 Kompis kampvert

Kompis kampvert er ein person som vartar opp og tek imot bortelag som kjem til Troppene for å spele kamp, slik at dei skal føle seg velkomne og ivaretatt. Kampverten er ikledd gul Kampvertvest, og oppgåvene er kort sagt å syne bortelaget garderoba deira, gje dei kaffi og frukt. Instruks, kampvertvestar og Foreldrevettreglar til dei som er sett opp som kampvert, er å finne på ballrommet, det er godt synleg på veggen til høgre med ein gang du entrar ballrommet.

 

5.4 Kompisregler på alle lag

Med bakgrunn i dei felles overordna kompisreglane i Falkeid IL, skal kvart lag sjølve utarbeide tre konkrete reglar for sitt lag. Desse tre reglane skal spelarane og ledarane kring kvart lag utarbeide i byrjinga av sesongen, og reglane skal skrivast under av alle på laget, laminerast og hengje i garderoba og ligge i lagbaggen. Desse reglane skal leiarane og Kompiskapteinane sørge for at vert følgde til ei kvar tid.  

Her er eit eksempel på slike reglar:

Dette er J15/16 sine Kompisreglar for 2016. Dei heng godt synleg i garderoba deira.

 

5.5 Kompislag på Kårstø Cup

På vår eigen Kårstø Cup ønskjer vi å synleggjere det gode arbeidet med Kompis i Falkeid IL. Her har vi ein jury med trenarar med fleire, som går rundt på cupen og ser etter lag som utmerkar seg positivt med tanke på gode haldningar i trå med Kompisprogrammet vårt. Eit eksempel kan vere at ein spelar hjelp ein motspelar på beina att, etter ein duell. Slike lag ønskjer vi å applaudere og premiere med å kåre dei til Kompislag. Alle som er på Kompislaga vert belønna med t-skjorter med påskrifta «Årets Kompis».


Dette var nytt av 2015, og her er første laget som vart kåra til Kompislag:

 

5.6 High-five etter kampen

Lag i Falkeid IL vert oppmoda om å takke alle som har kome for å sjå på, med å gje alle tilskodarane langs sidelinja ein high-five etter kampen er blåst av.  

 

 

 

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products