Falkeid

Bruk av FIKS

Bruk av FIKS

Kva er FIKS?

FIKS er Norges Fotballforbund si database der alle lag, alle spelarar fom 12år SKAL vere registrert, alle trenarar og lagleiarar skal vere registrert, og der alle kampresultat og dommarar skal vere registrert.


Kva brukar Falkeid IL FIKS til?

Vi skal sørge for at alle spelarar frå og med 12 år er registrert, at alle lag er påmeldt innan gjeldande påmeldingsfristar. Dette er det Dagleg leiar som har tilgang til å gjere. Men må ha hjelp av trenarar/lagleiarar for å melde på i rett klasse og divisjon og med rett kontaktinformasjon. Spelarovergangar for alle fom 13 år og opp, må gå gjennom FIKS, dette startar med at spelar som ønskjer seg til Falkeid IL fyller ut eit samtykkeskjema, så fiksar dagleg leiar resten av overgangen. NB! Overgangsvindauget er stengt store delar av året, men er opent 2 gangar i året, Førsesongvinduet (ca. 8 januar til 31 mars), og Midtsesongvinduet (ca. 21 juli til 17 august).


Kva skal trenarar og lagleiarar i Falkeid IL med FIKS?

Skal sørge for at alle spelarar er registrert i spelarstallen til laget sitt.

Registrere kamptropp (trenarar og ledarar) minst 3 timar før kvar kamp- husk å trykke lagre!

Resultatregistrering, arrangørklubben (hjemmelagets klubb) har ansvaret for å rapportere inn kamp-resultatet.

 

Les meir om dette her:

https://www.fotball.no/kretser/oslo/praktisk-info/handbok-fotball/kampgjennomforing/kamprapporter/#74042

 

Fleire spørsmål om FIKS?

Dei fleste spørsmål får du besvart ved å trykkje på lenka under, og leite deg fram!

https://www.fotball.no/klubb-og-leder/fiks-info-og-support/

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift