Bremnes IL

Aerobic & Spinning

Aerobic & Spinning
Velkommen til Aerobic & Spinning
Hei og velkommen til BIL Aerobic & Spinning sine heimesider.

Trivsel & Stil - Svette & Smil

Kvifor bør ein trene??

Sjølv om ein idag kan helbrede og kurere fleire og fleire sjukdomar, er helsetilstanden i landet vårt forverra på få år. Livsstilssjukdomar aukar i omfang. Mangel på fysisk aktivitet og feil kosthald er skadeleg for kroppen din. Å forbedre di eiga helse er noko berre DU kan gjere! Start idag!!!

Ta gjerne kontakt for råd og veiledning - vi vil svært gjerne vere samarbeidspartnaren din!

Kvifor BIL Aerobic & Spinning?

 Vi tilbyr eit svært hyggeleg, uformelt og inkluderande treningsmiljø og engasjerte og erfarne instruktørar. Instruktørane våre ynskjer å hjelpe deg i å nå dine mål og motivere deg til å fortsetje treninga. Vårt hovudfokus er at det skal vere KJEKT å trene! I tillegg til dette tilbyr vi også heilt nye lokaler!

 Nye stereoanlegg, mikrofoner og treningsgolv som er spesiallaget for å dempe støt.

Det er når du har minst lyst til å trene du sansynlegvis treng det mest.

Gevinsten ved å trene

  • trening hjelper deg å bli kjent med din eigen kropp
  • treningsøkta kan gje deg følelsen av eit "friminutt" frå ein stressa kvardag og negative tankar
  • er du i form får du generelt betre humør og du vert meir optimistisk
  • regelmessig trening gjev betre søvn og aukar evna til å slappe av
  • trening gjev deg meir energi, følelsen av velvære og overskot
  • trening forebyggjer skadar og sjukdom
  • trening er godt for kroppen - men det er også sosialt

Enten du er godt trent eller utrent, tjukk eller tynn, ung eller gammal:

TRENING GJER DEG GODT!

Bremnes Idrettslag
Idrettsveien 87, 5430 Bremnes

bil@bremnesil.no - Telefon 53421666

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift