Sogndal Fotball

Styreoppgåver

Styreoppgåver

 

Breiddestyret

 
Styret består av 7 personar som er valde på årsmøtet til Sogndal Fotball. Styreleiar er òg representert i Sogndal Fotball sitt hovudstyre. Hovudoppgåver er å organisere drifta av laga i breiddefotballen, skaffe treningstider, utstyr og drakter samt formidle informasjon frå krets og hovudlaget. Styret skal i samarbeid med lagstrenarane syte for påmelding av lag til seriespel og Lerum Cup. Infoside om cupen finn du her: http://www.lerumcup.no/. 
 
Eventuelle påmeldingar til andre cupar som laga ynskjer å delta i er kvart enkelt lag sitt ansvar. Styret og utviklingsavdelinga i klubben skal utarbeide planar for kursing av trenarar og leiarar. Styret skal òg arbeide med rekruttering av dommarar.
 
Funksjonar og roller i breiddestyret
 
1. Leiar/økonomiansvarleg
Representerer breiddefotballen i hovudstyret og har ansvar for at breiddestyret til ei kvar tid fungerer så optimalt som mogleg. Saman med sportsleg kontakt ansvar for at alle som er involverte i barne og ungdomsfotballen syner politiattest.
 
2. Materialforvaltar
Sørgje for at laga i breiddeavdelinga har nødvendig lagsutstyr; ballar, vestar, medisinsk utstyr med meir.
 
3. Dommarkontakt
I samarbeid med utdanningskontakt arrangere dommarkurs for spelarar under 16 år og før kvar sesong oppdatere og gjere tilgjengelig dommarlister.
 
4. Sportsleg kontakt
Koodinator for aldersbestemte lag, 11 år og oppover. Kontakt inn mot utviklingsavdeling og ansvarleg for nominering av spelarar til tiltak i regi av krets. Saman med dugnadskontakt lisensregistrere spelarar som fyller 12 år, samt nye spelarar i klubben og eventuelt yngre spelarar som hospiterer opp i kampar. Saman med leiar melde på lag i seriesystemet.
 
5. Utdanningskontakt
Kartlegge behov for utdanning/kurs i eigen klubb, samt motta og behandle all informasjon om utdannings-/kurstilbod for klubben frå krets og forbund. Anvarleg for at det før ny sesong vert arrangert kick-off for breiddefotballen.
 
6. Miniputtansvarleg
Koordinator for miniputtlaga, 6-10 år. Er ansvarleg for påmelding av lag til kretsen før sesongstart, både miniputtserien og miniputt-turneringane. Ha ansvar for å få inn trenarar og lagleiarar for nye kull.
 
Utvida informasjon om arbeidsoppgåver og ansvarsområder for dei ulike rollene i breiddestyret finn du på nettsida til breiddeavdelinga. Her finn ein også kontaktinformasjon for medlemmane i breiddestyret.
 
Har ein spørsmål kan ein sende mail til: breiddestyret@sogndalfotball.no

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift