Bremnes IL

Nyheter/ OBS!OBS!

Nyheter/ OBS!OBS!

 

Sommertimeplan i fra mandag 11. juni.

For eventuelle endringer i sommer, følg med på Facebook siden vår. :-)

 

Me har no i ein periode på ca 2 år hatt sirkeltrening som eit tilbod. Timen har vore  populær, og me synes det er veldig kjekt at så mange, både damer, menn, unge, eldre, folk som har trent lite og folk som har trent mykje, har blitt fast inventar på timen. Me opplever at me har nådd eit bredt «publikum», noko me synes er kjempekjekt og som er målet med timen😁.  Me høyrer likevel fra ein del folk som ønskjer å vera med, men som gruar seg litt for å ta steget med å begynna. Me har derfor bestemt oss for å ha ein ekstra time i forkant av sirkeltreninga der lista blir lagt litt lågare og fokus blir på å koma igang. Denne timen vil bera litt meir preg av «introduksjonstime» ,  og me tar i utgangspunktet sikte på å kjøre den mot påske, litt etter interesse. Den første timen blir kl 1730 - 1830 og blir kalla sirkeltrening 1.  Alle kan møta her, både dei som har trent før og heilt nye, men me tar sikte på å leggja lista litt lågare her, sjølv om denne også utan tvil skal by på svette, smil og god trening.   Neste time blir som tidlegare, kl 1845 - 1945, og blir kalla sirkeltrening 2, den blir slik dåke kjenner den fra tidlegare.                                             

Med dette vil me ønskja alle nye og gamle kundar velkommen til eit sprekt 2018👍💪🏼.                               
Helsing Elin og Frode

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bremnes Idrettslag
Idrettsveien 87, 5430 Bremnes

bil@bremnesil.no - Telefon 53421666

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift