Trott

Trottloftet

Trottloftet
Trottloftet

Trottloftet

Loftet inneheld stove, kjøken, kontor, lager og boder.

I gangen ved inngongen til kjøkenet er det ein kasse med attgløymde klede, ta ein kikk der når du har anledning. Alle trenarar el. lagleiar har nøkkel til loftet og stova. Nye lag som treng nøkkel kan ta kontakt med Edmund Lande på tlf. nr.: 922 03 439. Loftet vert vaska i samband med A-laget sine heimekampar.

 

Trottstova

Trottstova kan brukast av medlemmer etter avtale med styret. Brukarane pliktar å forlata stova i same stand dei fann ho. På veggen til venstre for inngongen til stova heng kalender der de kan føra opp når de ynskjer bruka stova.

Trottkjøkenet

På kjøkenet er fylgjande utstyr:
Kaffetraktar, kaffikanner, kaffe, koppar, serviettar og takke (for steiking av lappar).
Vaffeljernet er kortslutta, nytt må skaffast.

Utstyret kan lånast når medlemmer har dugnader for Trott.

Kjøkenet skal òg forlatast i den stand du fann det.

Bodene

Bodene vart rydda og sopt då den årlege ryddeaksjonen fann stad i vår. Me set pris på om dei som brukar bodene føler eigarforhold til "si bod" og held god orden i boda.

 

 

Trott IL
Postboks 790, 5404 STORD
trott@sklbb.no

Ansvarlig Web redaktør: Geir E Aga

Bankkonto 3520.07.19237

Flest mogeleg lengst mogeleg

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift