Emblem IL

Historien

Historien

 

Historien

Av Olav Lundanes

 

Emblem Idrettslag såg dagens lys 21. november 1932. Men først i 1974 blei orienteringsgruppa tatt opp i idrettslaget. Det første kartet blei gitt ut i 1981 saman med Aalesund Skiklub og heite "Emblemsfjellet 2". Aalesunds Skiklub hadde hatt kart over området sidan 1973 eit kart som også blei benytta av Emblem IL.

I starten hadde vi ikkje så mange medlemma, og med ein bølgedal på starten av 1980-tallet såg det ikkje lyst ut for framtida. Men så blei det sett igang rekrutteringstiltak og interessa for orientering auka.

I 1985 var det klart for vårt første store arrangement: Midt-Norsk Meisterskap i stafett. Løpet blei arrangert på eit nytt kart over "Utvikfjellet" i Brusdalen. Totalt fekk 500 løpara prøve seg i dei våte myrane.

Neste storarrangement blei i "Nordvestgaloppen" i 1988. Nordvestgaloppen var eit samarbeid med Molde og Omegn Idrettsforening, der Emblem IL hadde ansvaret for to av løpa. Samlingsplass var lagt til Ivar Aasen hytta. Eit enormt arbeid blei lagt ned og mellom anna blei kartet "Blindheimsfjellet" frå 1978 revidert. I tillegg blei kartet "Emblemsfjellet 2" brukt som løpskart. Totalt 550 løparar stilte til start.

Tre som gjorde ein stor insats under Nordvestgaloppen i 1988: f.v Kjell Schrøder, Karstein Sørland og Lars Roger Lundanes

I 1992 var det igjen klart for eit Nordvestgaloppsamarbeid med Molde og Omegn Idrettsforening. Emblem IL arrangerte dei to første løpa, på det nye kartet over Østremseter. Deltakelsen var omtrent som forrige gong, omlag 550. Per E. Engesmo var løpsleiar og Lars Roger Lundanes hadde ansvaret for løypene.

Desse to Nordvestgaloppane har skaffa orienteringsgruppa eit solid økonomisk fundament, som har gitt handlefriheit i mange år.

Før sesongen 2001 blei o-gruppa i Mauseidvåg og Solevåg IL lagt ned, og dette førte til av vi fekk ein del nye medlemar.

Av dei største sportslege prestasjonane må Sigrid Sundquist Torp sitt Junior NM-sølv frå 1999 i D19-20, samt Olav Lundanes' Hovedløpsgull frå 2002 og 2003 heng høgast.

 

 
31.03.2006 21:20

   

 

Bilderesultat for tafjord logo                                                                       Bilderesultat for nike

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift