Nyhetsarkiv
10.07.2017 Norway Cup 2017
Revidert kampoppsett 19/7, for Falkeid lagene i Norway Cup 2017 finnes her. Her finner du i vedlegg også info om reise, opphold, reglement osv..
Asbjørn Bakken
08.07.2017 Optimera - ny Bronsefalk!
Takk være vår nye Bronsefalk, Optimera, vil vi frå og med 2018 kunne dresse opp samtlige spelarar (fotball og handball) frå 13-19 i nye kvite Optimera-shortsar! Dette er vi svært nøgde med, og vi er stolte over å få til eit vidare samarbeid med Optimera som i mange år har vert med og fortsatt er med i vårt storslåtte sykkelritt Steinsvikrittet. Les intervjuet med salgssjef Jarle Holden under...
Mikael Benjamin Myklebust
07.07.2017 Bronsefalk-Murerfirma Tor Gismarvik!
Murerfirma Tor Gismarvik er på veg opp og fram i Falkeid IL! Murerfirmaet som har spesialist på mellom anna restaurering av gamle piper, er no Bronsefalk i vårt sponsorhierarki, og vi ønskjer dei hjarleleg velkommen. Les kvifor dei ønskjer å støtte det frivillige arbeidet i Falkeid IL under. Dei vil no verte å sjå på baksida av Herrelags-shortsane, samt på Trenarjakkene.
Mikael Benjamin Myklebust
05.07.2017 Meld deg på Steinsvikrittet!
Bli med på Nordens svar på Paris-Roubaix! Laurdag 26 august går starskotet, les alt om påmelding og mykje meir på steinvikrittet.no og følg Falkeid IL og Steinsvikrittet sine Facebook-sider for å få med deg siste nytt om den splitter nye traseen i året rundløype.
Mikael Benjamin Myklebust
05.07.2017 Falkeidposten!
Falkeidposten er idrettslaget si eiga avis, med ei eksklusiv utgåve kvart halvår. Avisa samafattar den sportslege aktiviteten det siste halve året, samt i korte trekk kva som skjer framover. Ønskjer med dette alle samarbeidspartnerar og medlemmer ein framifrå sumar!
Mikael Benjamin Myklebust
29.06.2017 Uten mat og drikke, duger helten ikke!
Det er lite tvil om at det er samaheng mellom høg aktivitet og enorm appetitt, heldigvis, har vår gode samarbeidspartner Romseland og Kvam Oljeservice spandert maten på dei 44 aktive deltakarane på Stoke Fotballskule!
Mikael Benjamin Myklebust
29.06.2017 Lærerikt trenarseminar!
Med godt utdanna folk som jobbar som fotballtrenarar og talentspeidarar på heiltid i Stoke City sitt fotballakademi, så såg vi vårt snitt til å invitere Falkeid-, Bokn- og Førlands-trenarar på trenarseminar. Først var det ei praktisk økt ute, deretter var det pizza og ein presentasjon om korleis Stoke City heng saman frå 5 åringar og heilt opp til A-laget i Premier League. Vidare, var det spennande å høyre om den knallharde konkurransen mellom Premier League laga om å sikre seg og fange opp unge talent.
Mikael Benjamin Myklebust
29.06.2017 Stortrivast på Melkevik Camping!
Stoke-trenarane Duncan, Jack og Cameron stortrives i hytta på Melkevik Camping. Der har dei alt dei treng, og dei lyser opp når dei fortell om utsikten. Dei vert buande på campingen fram til returen til England på sundag.
Mikael Benjamin Myklebust
27.06.2017 Bli kjent med Stoke-trenarane!
Måndag kveld tok vi med oss Stoke-trenarane Duncan, Jack og Cameron ut på 2 retters middag på Big Horn Steak House på Saga Bygg si rekning. Vi i Falkeid er både nøgde og stolte over å kunne tilby ein fotballskule med høg kvalitet i samarbeid med Premier League-klubben Stoke City. Gode og mette, ønska trenarane å takke vår rause General Saga Bygg for eit herleg måltid. Les meir om kvar og ein av trenarane under.
Mikael Benjamin Myklebust
22.06.2017 Trenarseminar med Stoke City!
Onsdag 28 juni inviterer vi til Trenarseminar på Troppene frå klokka 18 til 21. Set av kvelden og ta på trenarjakka, det kjem til å bli ein lærerik og sosial kveld med dei tre trenarane frå Stoke City sitt fotballakademi! Trenarar, lagleiarar og andre interesserte er hjereleg velkommen. I tillegg til medlemmer i FIL, er trenarar frå Bokn IL og Førland IL også velkomne! Ingen påmelding, vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
22.06.2017 Velkommen til Stoke Fotballskule!
Alt er klappa og klart til Stoke Fotballskule i regi av Falkeid IL. Førstkommande måndag er dei tre Stoke-trenarane klare for å ta imot våre 43 påmeldte deltakarar frå Bokn, Førland, Stegaberg og Falkeid. Takk til Mecan, Saga Bygg, Romseland og Kvam Oljeservice, Askeland Eiendomsutvikling og Melkevik Camping som gjer det mogelig for oss å få til ein fotballskule med godt skolerte fotballtrenarar frå akademiet til Stoke City! Les meir under..
Mikael Benjamin Myklebust
19.06.2017 Sumaravslutting på FFO!
Førre onsdag var det siste økt med Falkeid FFO før sumaren. Etter treningsøkta, vart det teke lagbilete med dei dyktige trenarane Eirik Baugstø og Arne Bjordal, og Elin Gismarvik diska opp med pizzahorn, frukt, juice og is. Dette vart godt motteke på den varme sumardagen her på Troppene!
Mikael Benjamin Myklebust
08.06.2017 Nytt kontor frå Saga Bygg!
Vår generalpartner Saga Bygg er gull verdt, spesielt når vi no renoverer klubbhuset. Her på kontoret har dei levert maling, golvbelegg og lim, for å nemne noko. I tillegg, låner dei villig vekk utstyr til å få jobben gjort av vår dyktige vaktmester Øyvind. Material til utbetring av innbyttarskur er også på veg og snart kjem dei med ei pantebod. Makan til serviceinnstilt og raus samarbeidspartner som Saga Bygg skal man leite lenge etter!
Mikael Benjamin Myklebust
06.06.2017 Is til overs!
Det vart ikkje skikkelig is-vær på årets Kårstø Cup. Med dette, sit vi att med litt is... Dette ønskjer vi å selge til innkjøpspris til betalande medlemmer i Falkeid IL. Det er førstemann til mølla.. Betaling skjer via bankterminal eller Vipps ved kjøp av isen på klubbhuset i dagleg leiar si kontortid. Kontortida mi finn du på framsida av nettsida vår. Prisar pr kartong ser du under..
Mikael Benjamin Myklebust
05.06.2017 Pinsehelg = handballhelg på Stord Handballfestival.
Handballfestivalen i regi av Stord handball er stor - 403 lag med nærare 4000 ungar frå heile Sør- Norge der også Falkeid IL J14 deltok.
Gro Sørensen
04.06.2017 Kårstø Cup, vel blåst!
Heile 93 nøgde lag har vert på besøk i Tysværvåg i dag, og våre unge og lovande dommarar har blese i gang heile 190 kampar. Alle spelarar har fått pokal, og fire lag som utmerka seg med gode haldningar vart kåra til Kompislag og med dette fekk dei t-skjorter med påskrifta «Årets Kompis 2017». Våre driftige frivillige har gjort ein framifrå jobb fram mot denne dagen og på sjølve dagen. Til saman har 90 frivillige jobba dugnad for å få arrangementet i hamn på ein god måte. Tusen takk til alle frivillige og alle besøkande! Fleire bileter frå dagen finn du på facebooksida vår.
Mikael Benjamin Myklebust
30.05.2017 Velkommen til Kårstø Cup sundag 4 juni!
Førstkommande sundag, bles våre unge lovande dommarar i gang heile 14 kampar samstundes klokka 08.30, og vil halde dette gåande til siste ballberøring klokka 16.00. Det er heile 93 lag påmeldt! Alle lag skal spele minimum 3 kampar, noko som gjer at heile 150 kampar skal avviklast på Troppene denne dagen. Ved ankomst, må alle deltakarlag ved lagleiar eller trenar, melde seg i sekreteriatet. Under finn du informasjon om Kampoppsett, banekart, parkering, turneringsreglement og betaling med Vipps i våre tre kioskar.
Mikael Benjamin Myklebust
23.05.2017 Dugnadsliste til Kårstø Cup
Det nærmar seg Kårstø Cup som er sundag 4 juni. Under her, finn du arbeidsfordelinga slik at alle endar kan møtast. Når alle bidreg med sitt, vert børa mindre å bære for dei som kooridnerar det heile. Takk for at du stiller opp!
Mikael Benjamin Myklebust
23.05.2017 VippsGO
VippsGO er ei heilt ny løsing fra Vipps, som i skrivande stund vert oppretta i Falkeid IL og skal vere klart i kioskane våre under Kårstø Cup, løysinga skal også verte nytta til egenandelar og mykje meir i tida framover. Vipps Go gjer at du som kunde bestiller og betalar før du kjem til kassa. Vår generalpartner Haugesund Sparebank opptrer som en agent for DNB inntil Vipps er opprettet som eget selskapformidlar av denne løysinga. Les meir under...
Mikael Benjamin Myklebust
20.05.2017 Norway Cup 2017
Foreløpig puljeoppsett viser flere spennende motstandere for våre lag.
Asbjørn Bakken
18.05.2017 Stoke fotballakademi til Troppene, meld deg på her!
Stoke City sitt fotballakademi kjem til Falkeid IL (ved minimum 35 deltakarar) for å arrangere fotballskule i veke 26. Tilbodet er for alle frå 8 år til og med 16 år. Det kostar 1500 kroner, dette inkluderer 5 dagar med fotballskule og frukt kvar dag. Treningane varer frå 09.00-13.30. Oppmodar alle som ønskjer å vere med, om å melde seg på raskast mogelig, slik at dette vert noko av. Påmelding skjer ved å sende mail til Silje innen 1 juni, siljegis@gmail.com. Meir detaljer kjem seinare.
Mikael Benjamin Myklebust
09.05.2017 Falkeid Aktivitetsfond
Les om Falkeid Aktivitetsfond på nettsida vår under Organisasjon> Falkeid Aktivitetsfond.
Mikael Benjamin Myklebust
08.05.2017 Handballfesten blir holdt mandag 15. mai 2017
Handballfest som markerar avslutning av sesongen 2016/2017 blir holdt måndag 15. mai 2017 kl. 18.00 på Falkeid IL sitt klubbhus, i storsalen.
Gro Sørensen
03.05.2017 Jenteforum hjå FKH tysdag 9 mai
Tysdag 9 mai held NFF Rogaland Jenteforum hjå vår gode samarbeidspartner FK Haugesund. Samling er for trenarar og lagleiarar kring jentelaga våre, og er frå klokka 17.30 til klokka 20.00. Les meir om samlinga ved å trykke på lenka under...
Mikael Benjamin Myklebust
30.04.2017 Tysvær håndballcup - info før dagen.
Velkommen alle til cupdagen 1. mai. Kampoppsettet følger vedlagt. Vi ønsker alle velkommen til en dag med stor aktivitet og idrettsglede.
Gro Sørensen
28.04.2017 40 år og hundrevis av kamper
For nokså nøyaktig 40 år siden startet A-lags fotballen å rulle i Falkeid. Det har det vært tap og vinn, nesten med samme sinn...
Asbjørn Bakken
25.04.2017 Velkommen til Kompiskveld for 10 og 11 åringer!
Velkommen til Kompis kveld for 10 og 11 åringer. Vi møtes på klubbhuset mandag 29 mai kl 18. Les meir detaljar om kvelden under...
Mikael Benjamin Myklebust
25.04.2017 Trener og oppmannsmøte i håndballgruppa.
Torsdag 27. april 2017 blir det møte for trenere og oppmenn for håndball laga kl. 19.30 i kiosken, Falkeid klubbhus.
Gro Sørensen Håndball
24.04.2017 Dommeroppsett, kamper uten oppsatt dommer fra kretsen
Klubbdommeroppsett
Asbjørn Bakken
19.04.2017 Historisk kamp for damelaget!
Falkeid IL sitt damelag anno 2017 ble i går historiske med sin debut i 3.divisjon mot Djerv 1919. Sist gang Falkeid IL hadde ett damelag var i 1991/1992.
Olav Askeland
11.04.2017 Årets påskeegg- Haugaland Kraft er med vidare!
I årets påskeegg, ligg der ei nysignert samarbeidsavtale mellom Haugaland Kraft og Falkeid IL. Haugaland Kraft har i lang tid vert ein bidragsytar i idrettslaget, no har dei teke steget opp til "Bronsefalk" for dei neste tre åra. Gode samarbeidspartnerar som Haugaland Kraft, er ein av grunnane til vår sunne økonomi. Noko av grunnen til at dei ønskjer å vere med, er alle våre dyktige frivillige som er i sving kvar dag. Med dette, ønskjer vi å klappe alle våre frivillige på skuldra, de gjer ein framifrå jobb! Under, kan du lese intervjuet med Gunn Margareth frå Haugaland Kraft...
Mikael Benjamin Myklebust
03.04.2017 Treningsavgift Fotball og Innebandy 2017
Treningsavgifta for Fotball og Innebandy for 2017, er no utfakturert. Denne har gått ut til ALLE som står registrert som spelar på eit (eller fleire) lag frå 13 år, og opp til Damelag og Herrelag. Spelar du på eit lag, men har ikkje fått faktura? Ta kontakt på post@falkeid-idrettslag.no. Les meir under...
Mikael Benjamin Myklebust
03.04.2017 Hugs dommarkurset på onsdag!
Som det står i Klubbhandboka vår, så skal alle 13-åringar i Falkeid IL gjennom eit dommarkurs. Dette gjer vi for at alle skal få ei innføring i kva det vil seie å vere dommar, og for å rekruttert nye dommarar i Falkeid IL. Dommarane vi allereie har, samt andre som ønskjer å ta dommerkurs, er hjertelig velkommen! Førland IL og Bokn IL er invitert til å komme med sine unge lovande dommarspirar. Kurset vert holdt på Troppene frå 18.00 - 20.30. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
01.04.2017 Torbjørn Agdestein - speleklar for Falkeid!
Etter mange turar til Telemark med knallharde forhandlingar, er fjorårets FKH-toppscorar Torbjørn Agdestein speleklar for Falkeid IL i 6 divisjon. Agdestein har mykje bra med seg i bagasjen etter eit kort men lærerikt opphald i Telemarksklubben Odd. Agdestein uttaler at heimlengselen vart uuthaldeleg. Vi ønskjer med dette Torbjørn Agdestein hjarteleg velkommen til Falkeid IL!
Mikael Benjamin Myklebust
30.03.2017 Medlemskontingent 2017
I skrivande stund, utfakturerast Medlemskontingent 2017 til ALLE medlemmer i Falkeid IL (spelarar, trenarar, lagleiarar, alle med styreverv, støttemedlemmer og fleire). Er du medlem, men har ikkje motteke fakturaen? Ta kontakt på post@falkeid-idrettslag.no. For meir informasjon, les under...
Mikael Benjamin Myklebust
29.03.2017 Gratis Pensjonsseminar hos Haugesund Sparebank
Ønsker du å vite mer om din pensjon? Vår General Haugesund Sparebank ivnitertar til seminar i dag 29 mars, vel møtt! Møt opp i Haugesund Sparebank si kantine klokka 19:00- 20:30.
Mikael Benjamin Myklebust
29.03.2017 Sølvfalk - Askeland Eiendomsutvikling AS
Det er er meg ei stor glede å kunngjere at Askeland Eiendomsutvikling i førre veke forlenga samarbeidsavtala med Falkeid IL, no er det med som Sølvfalk! Verksemda er ein stor og viktig aktør i utviklinga av vårt nærområde, og vi er stolte av å spele på lag med dei. Eg tok meg ein prat med prosjektleiar Olav Askeland for å få vete litt om kvifor dei ønskjer å vere med i Falkeid IL, les om dette under...
Mikael Benjamin Myklebust
27.03.2017 Tysvær Håndballcup- påmeldinga er i gang!
Falkeid IL, Skjold IL og Stegaberg IL har gleden av å invitere til Tysvær Håndballcup mandag 1. mai 2017. Dette er en turnering for jenter og gutter i alderen 8 til 13 år. Kampene spilles i Sysco Arena og i Skjoldhallen. Påmeldingsfrist 10 april!
Mikael Benjamin Myklebust
22.03.2017 Årsmøte avholdt
Årsmøtet i Falkeid IL er avholdt. Nokon takka av, nye medlemmer kom inn.
Mikael Benjamin Myklebust
17.03.2017 Manglar styreleiar og fotballstyreleiar
For at Falkeid IL skal kunne oppretthalde eit godt aktivitetstilbod til ditt barn og alle andre i Tysværvåg og omliggjande bygder, så treng vi foreldre som bidreg! Årsmøtet er neste veke, og pr. no, så ligg vi ann til å mangle nokre av dei viktigaste verva i klubben: Styreleiar i Hovudstyret og Leiar i Fotballstyret. Kontakt gjerne det sitjande styra for å få vete kva desse styreverva inneber!
Mikael Benjamin Myklebust
16.03.2017 Dugnad 2017
I 2016 jobba Falkeid IL sine medlemmer inn 360 000 kroner på reint dugnadsarbeid, dette er med andre ord den tredje største einskildinntekta til idrettslaget. Dette er hovudgrunnen til at nettopp Falkeid IL kan ha den lågaste medlemskontingenten på Haugalandet! For at suksessen skal gjenta seg, er vi avhengige av at alle bidreg, også i 2017. No er dugnadsårshjulet for 2017 klart, og grupper og einskildlag er sett opp med sine oppgåver. Når alle bidreg med sitt, vert dette knakande bra! Sjekk ut kva ditt lag/ di gruppe skal bidra med i 2017 under...
Mikael Benjamin Myklebust
08.03.2017 Årsmøte 22 mars
Kallar med dette inn alle medlemmer til årsmøte i Falkeid IL onsdag den 22 mars, klokka 19.00 på idrettshuset på Troppene. Vedlagt ligg sakslista med saksdokumenter. Ønskjer du å sjå Revidert regnskap frå 2016 og Budsjett 2017, ta kontakt på post@falkeid-idrettslag.no
Mikael Benjamin Myklebust
22.02.2017 Informasjonsmøte om Idrettshall
Onsdag 22 mars, klokka 18-19 skal Hallkomiteen halde informasjonsmøte om idrettshallen som skal byggjast her på Troppene! Alle som ønskjer er hjertelig velkomne, medlemmer, bygdefolk og andre interesserte. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
21.02.2017 Innkalling til Årsmøte
Det inkallast herved til årsmøte i Falkeid Idrettslag Onsdag den 22 mars klokka 19.00 på Idrettshuset på Troppene. Vedlagt ligg agendaen for årsmøtet, saksdokumenta vil verte lagt ut her innen 8 mars. Frist for innsending av saker og forslag, er 6 mars, eventuelle saker sendes til post@falkeid-idrettslag.no
Mikael Benjamin Myklebust
19.01.2017 Br. Haukås Mek. Verksted forlenga avtala!
Det er meg ei stor glede å meddele at vår gode samarbeidspartner Br. Haukås Mekaniske Verksted vil vere med vidare som Partner. Dei ser at vi har mange dyktige i sving for å kunne tilby barn og unge eit godt aktivitetstilbod. All honnør til alle som stiller opp både på treningsfeltet og i styrer og verv, saman driftar og vidareutviklar de tilbodet i den levande bygda vår! Les intervjuet med Kari Lise frå Brødrene Haukås under...
Mikael Benjamin Myklebust
18.01.2017 ALAG-1 Sesongen 2017 i gang fo A-lag herrer
A-laget trener foreløpig mandager og torsdager kl 20.00-21.30 Nye spillere ønskes velkommen. Foreløpig kampoppsett for seriesesongen 2017 vedlagt her
Asbjørn Bakken
10.01.2017 VEIDEKKE er med vidare!
Veidekke Entreprenør AS forlenga denne veka si avtale med Falkeid IL, fram til og med 2018 er dei med som Partner. Eg tok meg ein prat med avdelingsleiar Bjørnar Måleng for å høyre kva som er deira motivasjon for å støtte oss og den fantastiske jobben alle våre frivillige legg ned for idrettstilbodet i bygda. Veidekke vil fortsatt vere godt synlege på blant anna treningsgensaren i klubbkolleksjonen og med skilt ved grasbana.
Mikael Benjamin Myklebust
06.01.2017 Innebandy
Innebandygruppa i Falkeid idrettslag har treningstider tysdag kl. 20:00 i gymsalen på Tysværvåg skule. Etter avtale har me også treningstid torsdag kl. 20:00.
Stein Magnar Askeland-Gjerde
05.01.2017 Murerfirma Tor Gismarvik med vidare!
Det er meg ei stor glede å kunngjere at vår gode partner Murerfirma Tor Gismarvik er med vidare som Partner. Dei skal fortsatt profilerast med skilt på idrettsanlegget og i 2017 vil dei verte godt synlege på trenarjakkene i vår nye klubbkolleksjon. Murerfirmaet har vert med som sponsor i Falkeid IL sidan 2009. Treng du murar? Kontakt dei på 41 37 71 08 eller på mur.gismarvik@gmail.com
Mikael Benjamin Myklebust
05.01.2017 Eirik Baugstø på FALKEID FFO
Vardspelarane Eirik Baugstø (21 år) og Arne Bjordal (20 år) er no klare til å ta fatt på jobben som trenarar på Falkeid FFO, i tillegg til dette, så fortsett vår eigen damespelar Stine Askeland (19 år). Det var Kolbjørn "Kolla" Fosen (utviklingsavsvarleg i FKH) som anbefalte dei to tidlegare Djerv og FKH-spelarane. Tema og opplegget på Falkeid FFO i vinter/vår er også utvikla i samarbeid med FKH, temaet skal vere: Kjappe bein, tekniske øvingar og småspel/turneringar på småmål. Det er fortsatt råd å melde seg på!
Mikael Benjamin Myklebust
23.12.2016 ALAG-1 Avslutningskveld for A-laget
Fredag 16. desember avsluttet A-laget sesongen med Julemat på klubbhuset.
Asbjørn Bakken
22.12.2016 Klubbkolleksjonen for 2017 er klar!
Nytt av 2017, er at det er 2 kolleksjonar, Treningstøy og Representasjonstøy. Dette er for å ha meir å velge i, samt at foreldre og andre som ikkje nødvendigvis trenar i Falkeid IL, også kan ha noko å velje blant. Sjekk ut dei flotte nye kolleksjonane våre under. Og riktig god jul til alle saman! NB! Fargen på shortsane i oppsettet er blå, men dei skal vere kvite (dette vert retta på over jul).
Mikael Benjamin Myklebust
05.12.2016 Julebasaren
140 menneskjer fann vegen til Falkeid sin julebasar i helga. Dette er ein årleg tradisjon, og mange av strikkedamene som strikkar og syr gevinstar til denne basaren har vert med sidan 1992. Vi fekk i helga besøk av barnekoret Gledesspredaren, som levde opp til namnet med å spre glede hjå oss no i førjulstida. Elles så fekk vi besøk av ei småhissig pelskledd dame. Samt at Julenissen og hans gode hjelpar Sparealven Sølve delte ut mandariner og Haugesund Sparebanken-klistermerker. Takk til alle som har jobba fram mot denne basaren, og alle som bidrog denne helga, dykk bidrog til klingande mynt i klubbkassa!
Mikael Benjamin Myklebust
01.12.2016 Ildsjelprisen til Asbjørn Bakken!
Sparebankstiftelsen SR-bank hadde i kveld på seg spanderbuksene då dei generøst delte ut midlar til lag og foreiningar. I tillegg til dette, var det også utdeling av den gjevaste prisen, Ildsjelprisen. Som om ikkje dei utallige timane, dagane, ettermiddagane, kveldane og helgene Asbjørn legg ned for Falkeid IL, så fekk vi i kveld 25 000 kroner frå Sparebankstiftelsen SR-bank. Falkeid er utruleg heldige som har deg og ditt engasjement, Asbjørn! Vi set ufatteleg stor pris på jobben du gjer for at barn, unge og vaksne i Søre Tysvær har eit knakande godt idrettstilbod, samt alle tilreisande på dei store arrangementa våre.
Mikael Benjamin Myklebust
27.11.2016 Møbelringencup - reisebrev frå handballgruppa laurdag 26.11.2016
Laurdag 26. november reise i overkant av 50 handballutøverar med trener/oppmenn og sjåførar til Stavanger for å sjå handballkampar mellom noen av dei beste laga i verden og sjølvsagt for å sjå Norge sine handballjenter i aksjon.
Gro Sørensen
24.11.2016 Vinnaren er...
På fotballavsluttningane i førre veke, så skulle alle levere inn draktsetta sine. Som ei gulerot til lagleiarar som klarte å skrape saman komplette draktsett, låg der to FIL-jakker i "potten". Dei to namna som kom opp av hatten, er to damer, som er lagleiarar på kvart sitt gutelag. Denne jakka, er eit av mange nye plagg i vår nye klubbkolleksjon for 2017, kolleksjonen ferdigstillas i desse dagar og vil vert tilgjengelig for alle innan jul.
Mikael Benjamin Myklebust
24.11.2016 Julebasar laurdag 3 desember
Laurdag 3 desember er det Falkeid IL sin årlege Julebasar. Alle som kjem (og får lodd av vedkommande som ønskjer velkommen i døra) innan klokka 13.00, er med i trekninga av gåvekort på 2 rettes middag for 2 personar på Brasserie Brakstad. Elles vert det mykje fint handarbeid til utlodding og sal, og det vert åresal og basar. Det blir også kafé og FIL-butikk med tøy frå ny klubbkolleksjon. Alle er hjarteleg velkomne!
Mikael Benjamin Myklebust
22.11.2016 15 000,- frå Haugesund Sparebank
Vår generalpartner Haugesund Sparebank inviterer årlig til sponsortreff, her er alle lag og foreningar dei sponsar invitert, deriblant Falkeid IL. Kvart år veljer dei ut nokre lag som har profilert banken særskilt godt i året som har gått, og gjev dei ei ekstra påskjønning. Dette var i år oss, som fekk med oss ein gåvesjekk på 15 000 kroner! Vi er hjartans takksame for gåva frå vår generøse samarbeidspartner. Oppmodar alle medlemmer til å velje Haugesund Sparebank, fordi dei bidreg direkte til auka aktivitet for våre medlemmer!
Mikael Benjamin Myklebust
18.11.2016 ADM-2 Spinningstart
Spinningen har startet opp igjen. Alle som en kan delta. Hver onsdag kl 19-20.00
Asbjørn Bakken
15.11.2016 Basistrening
Vi i Falkeid vil også dette vinterhalvåret tilby basistrening. Treningen for den eldste gruppa starter allerede på onsdag 16.11. Treningen er et tilbud til alle som er medlem i klubben.
Mikael Benjamin Myklebust
15.11.2016 Fotballavslutning del 1
I går, måndag, var det fotballavslutning for dei yngste i Falkeid IL, seinare på kvelden var det G/J 13 og 14 sin tur. Trenarane delte ut diplomar og pokalar til spelarane, og vi delte ut spekemat frå Brødrene Lundal som takk til trenarar og lagleiarar. Vi fekk storfint besøk frå FKH, som stilte med Torbjørn Agdestein og Erling Flodve Myklebust. Vi fekk til og med lurt på neste års Odd-spelar ei Falkeid-drakt! Ellers, så var det loddsal, pølser og juice. Takk til våre gode samarbeidspartnerar for flotte premiar til loddtrekninga, takk til Karsten Bjelland, Haugesund Sparebank, Romseland og Kvam Oljeservice, Mecan, Murer Tor Gismarvik, Intersport og fleire.
Mikael Benjamin Myklebust
03.11.2016 Sponsorlunsjar på Brasserie Brakstad
Tre torsdagar på rad har vi invitert våre største samarbeidspartnerar på 2-retters lunsj hjå vår bronsepartner Brasserie Brakstad på Indre Kai i Haugesund. Dette har vi gjort for å syne dei at vi set pris på deira bidrag, for å syne dei at deira bidrag fører til auka aktivitet, samt at våre samarbeidspartnerar kan knytte kjennskap til kvarandre. Tusen takk til Brasserie Brakstad for herlig mat og oppverting!
Mikael Benjamin Myklebust
31.10.2016 Fotballavsluttningar vert 14 og 15 november!
Måndag 14 og tysdag 15 november vert det fotballavsluttingar på Troppene. Spre ordet! Foreldre og spelarane er velkomne! Sjå kven som skal komme når, under.... Alle spelarane frå 7- 12 år må levere loddarka denne dagen, 4 av dei som har seld alle lodda, vinn Falkeidluer. Trenarane/ lagleiarane må levere årsmelding innan torsdag 10 november, mal for årsmeldinga ligg vedlagt, komplette draktsett i nummerert lagbagg leverast på avsluttinga, trenar/lagleiar som leverer komplette draktsett, er med i trekninga av 2 regnjakker frå klubbkolleksjonen for 2017.
Mikael Benjamin Myklebust Fotball
27.10.2016 Tonjer Skilt - Vår nye Partner!
Falkeid IL har denne veka signert ei treårig avtale med Tonjer Skilt, som med dette er vår nyaste partner! På sponsorlunsjen på Brasserie Brakstad i dag, tok eg meg ein prat med salssjefen i Tonjer Skilt, Håkon Soland. Tonjer Skilt kjem til å verte godt synleg med logo på treningsbuksa i klubbkolleksjonen for 2017!
Mikael Benjamin Myklebust
27.10.2016 Vervsfest 11 november
Den årlege vervsfesten vert i år fredag 11 november, frå klokka 19.00 på klubbhuset! For å beregne mengde mat, må alle som skal komme melde seg på ved å skrive e-post til post@falkeid-idrettslag.no. Påmeldingsfrist innan tysdag før festen, altså den 8 november. ALLE med verv i Falkeid IL er hjertelig velkommen!
Mikael Benjamin Myklebust
26.10.2016 Innkalling til ALLE fotballtrenere i Falkeid!
Torsdag 27.10 kl. 19.00-21.00 vil det bli en trenerkveld med mer info om det nye treningsopplegget vi vil prøve ut i Falkeid fra november. Kolbjørn "Kolla" Fosen, assistenttrener i FKH som har utarbeidet treningsopplegget vil komme og vise oss hvordan dette fungerer både i teori og praksis. Det blir litt teori inne på klubbhuset men mest øvelser ute. Håper alle kan komme, spesielt de som trener de yngste. Treningsopplegget vil i første omgang prøves ut på to grupper, jenter og gutter 9-12 år og jenter og gutter 13-16 år, men vi oppfordrer alle trenere til å delta på dette, også de som trener yngre jenter og gutter. Treningstider: Tirsdager og torsdager. Økt 1: 17.00 -18.30 for dei som er 9-12år (gutter og jenter) Økt 2: 18.30 - 20.00 for dei som er 13-16 år (jenter og gutter)
Mikael Benjamin Myklebust
24.10.2016 Utvida påmeldingsfrist Falkeid FFO
Påmeldingsfristen til Falkeid FFO vert utvida til Onsdag 26. oktober klokka 13.15. Det vil seie heilt fram til første FFO-treningsøkt byrjar. Men forbehold om ledig plass, vi har sett eit tak på max. 50 deltakarar. Det er pr. no (24 oktober kl 15) 30 påmeldte deltakarar. For dei som lurer på kva ordninga inneber, så er det 1,5 timars fotballtrening med kompetente trenarar, Thorunn Helga Jonsdottir frå Island og Andreia Rosa De Andrade frå Brasil, begge spelar fast på Elitelaget til Avaldsnes. Prisen for Falkeid FFO er 200 kroner, og då får deltakarane 8 økter med dyktige trenarar, etterfølgt av frukt og leksehjelp med utdanna pedagog.
Mikael Benjamin Myklebust
17.10.2016 Falkeid Fotballfritidsordning!
"Endelig er det her!", vil mange sei... Og no er det like før avspark i Falkeid IL sitt nye tilbod for skule-elevar frå 4- 10 klasse, Falkeid Fotballfritidsordning. Dette er eit prøveprosjekt fram til jul 2016, med oppstart onsdag 26 oktober. Avaldsnes-spelarar skal vere trenarar, treningsøkta vert etterfulgt av frukt og lekser. Prisen er 200,- pr. deltakar, men med god søskemoderasjon for dei med fleire aktuelle deltakarar. Påmeldingsfrist: 23 oktober.
Mikael Benjamin Myklebust
16.10.2016 Oppstart av minihandball lag for 6- og 7 åringar.
Vi prøver på nytt! Det blir oppstart av minihandball - lag tysdag 18. oktober 2016 kl. 16.00 på Tysværvåg skule i gymsalen.
Gro Sørensen
29.09.2016 Jenter 14 med årets kamp mot serieleder Etne.
Alle gode ting er tre! Falkeid' s tredje oppgjør mot Etne ente med seier etter herlig laginnsats.
Olav Askeland
26.09.2016 Grasrottreneren!
NFF inviterer fotball trenere til kurs høsten 2016. Det er 4 delkurs som tidligere ble kalt C-kurset. Nå har det fått navnet Grasrottreneren. I uke 43 starter første kurs opp på Avaldsnes. Falkeid IL anbefaler alle trenere til å gjennomføre alle 4 kursene, men det er valgfritt om du tar 1,2,3 eller alle 4 kursene. Falkeid IL dekker kursavgiften.
Olav Askeland
22.09.2016 Billettar til Avaldsnes - Lyon
Avaldsnes sel KLUBB/LAGS BILLETTER til AVALDSNES LYON (Olympique Lyonnais) HAUGESUND STADION ONSDAG 5. OKTOBER KL. 18.00
Mikael Benjamin Myklebust
14.09.2016 Meny Aksdal løpet 1 oktober!
"Som du er og for alle" er slagordet til det folkelige løpet vårt i samarbeid med Meny Aksdal m. fl., 1 oktober går startskuddet på Lars Hertevigsplass i Aksdal. Det er tredje strake året på rad løpet arrangerast, og deltakarane er alt frå 2-åringar som spring sitt første løp, til Urige Buta som parkerar sjølv dei sprekaste mosjonistane. Også i år er alle som fullførte Steinsvikrittet og som fullfører Meny Aksdal løpet med i trekninga av "The double", uavhengig av om du kom først eller sist i mål. TA UTFORDINGA! Gå til www.menyaksdallopet.no for påmelding mm.
Mikael Benjamin Myklebust
07.09.2016 "Jess, endelig byrjar symjinga i Falkeid IL!"
Førstkommande måndag (12 september) byrjar symjinga i Falkeid IL påan igjen etter sumaren, vi reknar med folk sjølvsagt har halde forma ved like med utandørssymjing, eller? Uansett fysisk form, uansett om du er med på handball, fotball, innnebandy, allidrett, boccia eller om du er støttemedlem, så er du hjartelig velkommen til symjing/bading/plasking i badeanlegget Tysværtunet kvar mandag framover vinteren frå klokka 19-20.
Mikael Benjamin Myklebust
01.09.2016 Vinnaren er....
Her og no annonserast vinnaren av gåvekort på 2-retters middag for 2 personar hjå Brasserie Brakstad. Vinnaren delte saken på facebook, og avga riktig svar som var at Brasserie Brakstad held til på indre kai i Haugesund. Vinnaren er medlem av idrettslaget og er med i eit viktig styre som mellom anna merker fotbalbaner før kampar, banestyret.
Mikael Benjamin Myklebust
31.08.2016 Brasserie Brakstad ønskast velkommen!
Det er meg ei stor glede å kunne introdusere vår nyaste samarbeidspartner, Brasserie Brakstad! Vår nye partner har gjeve oss gåvekort på 2-retters middag «à la carte» for 2 personar (verdi 900,-). Dermed fyrer vi laus med ein konkurranse.
Mikael Benjamin Myklebust
29.08.2016 Mine damer og herrer, futsalsesongen nærmar seg...
NFF Rogaland gjentar suksessen fra sesongen 2015/16 og inviterer herved til Futsal for menn senior og kvinner senior sesongen 2016/17. Kanskje kan 2016/2017 verte sesongen då Futsal slår gjennom også nord i Rogaland. Interessert?
Mikael Benjamin Myklebust
25.08.2016 Stor takk til Karsten Bjelland, samt Bjelland og Lilleskog!
Tusen takk til vår gode gullpartner Karsten Bjelland og vår nye bronsepartner Bjelland og Lilleskog for den rause pengegåva vi fekk tidleg denne veka etter å ha hatt kiosk mm. på helgas Bjellandfestival. Det har stor betydning for idrettslaget med innovative og rause samarbeidspartnarar som dykk!
Mikael Benjamin Myklebust
12.08.2016 Dana Cup fasit for Falkeid lagene
Hele 8 lag spilte for Falkeid IL under årets Dana Cup. Her finner du lagene kamp for kamp.
Asbjørn Bakken
09.08.2016 Treng løpevakter!
Falkeid IL arrangerer Steinsvikrittet laurdag den 20 august, dette er eit av dei største arrangementa i klubben vår, og eit av dei mest lønnsame dagane. For at vi skal få det til, treng vi fleire løypevakter! Kan du bidra? Send namn og telefonnummer til post@falkeid-idrettslag.no eller på 90951080. Lik og del gjerne lenkene som ligg under på facebook!
Mikael Benjamin Myklebust
08.08.2016 Vibeke Skofterud - Vinnerhjerter
Laurdag 3 september klokka 17:00 held Vibeke Skofterud føredraget "Vinnerhjerter" i Storsalen på Tysværtunet. Ta turen for å verte inspirert av Skofterud som har ei lang merittliste i skisporet, i 2012 vant ho eksempelvis Vasaloppet med ny løperekord i dameklassa.
Mikael Benjamin Myklebust
04.08.2016 Takk til Saga Bygg!
Vår generalpartner Saga Bygg kom i sommar på uanmeldt besøk (ja, til og med utan å bli spurt) for å merke parkeringsplassen og at det er parkering forbudt forran klubbhuset. Som om ikkje det var nok, så snekrar dei i skrivande stund ei pantebod til oss. Dette er berre ein av utallinge tenestar byggmesterfirmaet har bistått idrettslaget med opp igjennom, og er ein av grunnane til at det flotte idrettsanlegget vårt ser ut som det gjer. Gode samarbeidspartnerar som Saga Bygg, er gull verdt for Falkeid IL!
Mikael Benjamin Myklebust
04.08.2016 Innbrudd i Kiosken, har du tips?
I dag vart det oppdaga at det har vert innbrudd i Kiosken ved parkeringsplassen. Det er truleg berre noko godteri som er stelt, men døra og dørlista er tydelig skada. Er det nokon som har tips i saken, eller har sett noko mistenkelig på Troppene, ver vennleg å ta kontakt med daglig leiar på post@falkeid-idrettslag.no eller 90951080. Saka er politianmeldt.
Mikael Benjamin Myklebust
01.08.2016 Steinsvikrittet 20 august
Har du hugsa å melde deg på Steinsvikrittet 20 august? Suksessrittet arrangerast av Falkeid IL for 4 året på rad. For meir informasjon om Steinsvikrittet 2016, besøk steinsvikrittet.no Sjå videoen under, og meld deg på med det samme!
Mikael Benjamin Myklebust
01.08.2016 Gøyliga og Kondisliga
Tall fra idrettsregistreringen viser at fotballen i Rogaland «mister» nærmere 8000 spillere i Rogaland fra barn til ungdom og senior. NFF ønsker å beholde flere ungdom og voksne i fotballen. For sesongen 2016 ønsker kretsen å gi et tilbud til de som ønsker å spille fotball, men kanskje ikke i det vanlige seriesystemet. På bakgrunn av dette og i dialog med klubbene i fylket, vil det i 2016 lanseres to nye tilbud. Les meir om tilboda under. Kontakt dagleg leiar på post@falkeid-idrettslag.no om det skulle vere interesse for å starte eit vennelag, trenarlag, husmorlag eller liknande i ein av dei nye ligaene.
Mikael Benjamin Myklebust
07.07.2016 Dana Cup
Mange spennende motstandere for våre 8 lag i Dana Cup. Overnattingsskole er bestemt.
Asbjørn Bakken
24.06.2016 Steinsvikrittet 2016
For fjerde gang arrangerer Falkeid IL Steinsvikrittet. Det skjer i år den 20. august. Dagen etter byr vi inn til regionens beste barnearrangement på sykkel, Haugesunds Avis Barneritt. Påmeldingene har åpnet
Asbjørn Bakken
24.06.2016 Vi ønskjer Tools velkommen!
Vår nye skiltpartner TOOLS er Norges ledande leverandør av verktøy, maskiner, personleg verneutstyr og industrielt forbruksmateriell. Falkeid IL er stolt samarbeidspartner med utstyrsleverandøren som er å finne på Raglamyr. Treng du kjøpe kvalitetsutstyr, så anbefalar vi deg å ta turen til Tools!
Mikael Benjamin Myklebust
24.06.2016 Vår nye Nabo(en)!
Målsettinga til vår nye skiltpartner, Naboen, er å verte Norges beste nabo! Falkeid IL ønskjer dei hjertelig velkommen til Troppene, vi ser fram til å vere ein god nabo og samarbeidspartner i åra framover. Verksemda held til på Aksdal Næringspark og driv med utleige av ustyr, verktøy og maskiner. Les om kva rabatt medlemmer av Falkeid IL får hjå naboen under.
Mikael Benjamin Myklebust
24.06.2016 Hervik Saft, Syltetøy og Juice ønskast velkommen!
Våre nye skiltpartner Hervik Saft, Syltetøy og Juice (Rogaland Konserveringsfabrikk) ønskast hjartelig velkommen til Falkeid IL og vårt flotte idrettsanlegg her på Troppene! Vi er stolte av å få dei med på laget og vi håpar at flest mogeleg vert hekta på frukt og bær. Dei lagar reine og gode produkt, og nærmare himalaga kjem du mest ikkje!
Mikael Benjamin Myklebust
21.06.2016 DANA CUP 2016
Dana Cup pulje og kampoppsett kommer i uke 27
Asbjørn Bakken
16.06.2016 Ekstraordinært årsmøte har talt!
Eit einstemmig ekstraordinært årsmøte vedtok 16 juni 2016 at Falkeid IL skal byggje fleirbrukshall og kunstgrasbane (30x50 meter). Les heile protokollen frå årsmøtet på nettsida vår.
Mikael Benjamin Myklebust
16.06.2016 Falkeid IL søkjer reinhaldsarbeidar
Falkeid IL søkjer reinhaldsarbeidar frå og med august. Vår dyktige reinhaldsarbeidar skal flytte på seg, og vi treng derfor ein etterfølgar som kan halde klubbhuset reint. Det er snakk om minimum 2 timar i veka. Lønn etter avtale. Dette kan vere ein passande deltidsjobb for ungdom frå Tysværvåg og omegn, men også for andre. Alle som er interessert, oppmodast til å ta kontakt! For meir informasjon, les under.
Mikael Benjamin Myklebust
10.06.2016 Dana Cup t-skjorter
Alle som skal på Dana Cup i sommar, kan bestille seg Falkeid IL si eigen Dana Cup t-skjorte. Det er gratis for trenarar, laglaiarar og spelarar, men med ein eigenandel på på 100 kroner til foreldre, søksen ol. Booking og betaling gjerast via ein portal som du finn lenka til under her. T-skjortene vert bestillt fredag morgon i neste veke! Booking- og betalingsfrist er derfor torsdag 17 juni, alle som bestiller og betaler før dette får t-skjorter!
Mikael Benjamin Myklebust
07.06.2016 Bilder frå Kårstø Cup
Det var i kjent stil knallsol og god stemning på Kårstø Cup! Det var påmeldt heile 100 lag, men 2 lag meldte seg av i siste liten. Uansett, så holdt det til ny rekord på 98 deltakande lag! Stor takk til dei frivillige som har jobba knallgodt fram mot cupen, og takk til alle som bidrog på cupdagen. Stor takk rettast også til alle deltakarlag, særskilt Stegaberg, som hadde heile 21 deltakarlag på turneringa.
Mikael Benjamin Myklebust
07.06.2016 Alle jenter på banen
Kolnes IL fotball inviterar til jentesamling (6-13 åringane) førstkommande laurdag frå 9.30 til 14. Les om påmelding og meir på plakaten.
Mikael Benjamin Myklebust
05.06.2016 Vinnaren av gåvekort frå GoTo er.....
Falkeid IL ønskjer i anledning 25-årsjubileumet å takke alle trenarar som veke ut og veke inn trenar barn i klubbane sine, dette gjer vi ved å trekkje ut premiar frå våre samarbeidspartnerar. I dag har vi delt ut 2 gåvekort frå Intersport Haugesund, 2 gåvekort frå Brasserie Brakstad, 2 gåveesker frå Hervik, samt gåvekort frå Meny Aksdal. Og no er det trekking av reisegåvekort frå GoTo, verdi 3000 kroner.
Mikael Benjamin Myklebust
05.06.2016 Kårstø Cup etter halv dag!
Ei lita oppdatering halveis gjennom dagen. I tillegg til at alle som er ferdige har fått premiar, har blant anna desse laga fått ekstapremiar frå sponsorane våre i anledning 25 årsjubileumet til cupen. Les under og sjå nokre bileter frå føremiddagen på Kårstø Cup.
Mikael Benjamin Myklebust
03.06.2016 Konkurranse på Facebook!
Gå til Facebooksida til Falkeid IL og bli med på spennande konkurranse, vinnaren vert annonsert på Kårstø Cup, og får ei flott gåveeske med saft og syltetøy frå Hervik til ein verdi på 350 kroner!
Mikael Benjamin Myklebust
02.06.2016 Innkalling til ekstraordinært årsmøte.
Hovudstyret i Falkeid IL kallar med dette inn til ekstraordinært årsmøte torsdag 16 juni klokka 17.30 på klubbhuset. Saksspapir og formell innkalling finn du under.
Mikael Benjamin Myklebust

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products