Superlaurdag med Sogndal-Haugesund

Det blir superlaurdag og folkefest i sentrumsparken laurdagen frå kl 12. Deretter folketog opp til Fosshaugane

På laurdag har Sogndal Fotball heimekamp mot Haugesund kl 15.30.
Dette er ein svært viktig kamp for A-laget og Sogndal Fotball ynskjer å få så mange som mogeleg til å stille på stadion og støtte A-laget.
Dei arrangerer difor Superlaurdag og Folkefest i sentrumsparken frå kl 12, men sceneshow, stands, folketog, utlodding av premiar mm. (sjå vedlagt program)

Vi i breiddefotballen ynskjer å støtte oppom arrangementet med å stille med flest mulig spelarar og lag i folketoget, som går frå sentrumsparken kl 14.45. Ynskje er at alle ungane stiller i Sogndal Fotball-profilert tøy. Folketoget blir leia av ordførar Jarle Aarvoll, korps og Saftkokarane.

Sparebanken Vest delar ut huer, buff og klappepinnar til alle som deltek, og alle har gratisbillett til fotballkampen. FOR BESTILLING AV GRATIS BILLETT: Send kodeord SOGNDAL [mellomrom] ditt namn og antal billettar til 2229.!
Håpar de har anledning til å delta!